Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:62 (2023-2024)
Innlevert: 08.10.2023
Sendt: 09.10.2023
Besvart: 16.10.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kvifor vil ikkje regjeringa sørge for at også båtruter i Distrikts-Norge blir gratis på lik linje med ferjer?

Begrunnelse

Regjeringa har bidratt til gratis ferjer til samfunn utan omkjøringsmuligheter. Eg har fleire gonger tatt opp at det same burde og gjelde samfunn som ikkje vært betjent med ferje men med båtar for passasjerer. Dette er ofte endå meir distriktsamfunn enn dei med ferjer. Regjeringa har endå ikkje komt dette i møtet sjølv om det er snakk om midler summar som trengs for å levere og til desse øyane.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa ønskjer at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile landet. Folk og næringsliv langs kysten er ofte avhengig av ferjer og hurtigbåtar for å få kvardagen til å gå opp.
Difor har regjeringa, i tråd med lovnadane i Hurdalsplattforma, satsa på gratis ferje for øyar og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet. Frå 16. august 2023 blei det innført gratis ferje også til øyar og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet i ferjesamband med over 100 000 passasjerar i året, og ferjetakstane blei ytterlegare redusert. Dette gjer reisekvardagen billegare for folk rundt om langs kysten. Regjeringa vil fortsette med å styrke viktige tiltak for distrikta. I budsjettforslaget for 2024 har vi mellom anna prioritert halverte maksprisar på fly på FOT-rutenettet og halverte barnehageprisar i distriktskommunar. Vi kjem også til å satse vidare på viktige tiltak for distrikta i komande budsjett. Kor vidt det vil vere båtprisar eller andre saker som vert prioritert ved neste korsveg, får vi kome nærare tilbake til.
Eg set pris på representanten Njåstad sitt engasjement for båt- og ferjetakstar. Eg håpar dette engasjementet med tid og stunder også vil gi seg utslag i prioritering av økonomien til dei som har ansvaret for dei fleste båt- og ferjerutene, fylkeskommunane. Så langt har dessverre det motsette vore tilfelle. Dersom Framstegspartiet sitt alternative budsjett for inneverande år hadde blitt vedteke, så hadde fylkeskommunane måtte kutta nærare 2,4 mrd. kroner samanlikna med det budsjettet som vart vedteke av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV. Resultatet hadde sannsynlegvis vorte både dyrare og dårlegare båt- og ferjetilbod for folk langs kysten, i tillegg til kutt i mange andre viktige tilbod som fylkeskommunane sit med ansvar for.