Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:104 (2023-2024)
Innlevert: 12.10.2023
Sendt: 12.10.2023
Besvart: 20.10.2023 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva er grunnen til at regjeringa ikkje kjem til Stortinget med ein oppfølging for å handtere kvikksølvet utanforbi Fedje?

Begrunnelse

Eg viser til mitt spørsmål dokument nr. 15:2321 (2022-2023) om ubåten på Fedje. Der svarte statsråden: Om det viser seg mogleg, vil vi presentere saka for Stortinget i samband med framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024). Tydelegvis viste det seg ikkje mogleg verken å presentere noko eller opplyse stortinget om status.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Denne saka fortener at det blir sett eit endeleg punktum så raskt som mogeleg. Rapporten frå ekspertutvalet og høyringssvara er til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet vil ta noko tid. Vi meiner det er viktig at vi bruker den tida som er naudsynt for å sikre at vi treff den rette avgjerda.
Det vil bli lagt fram forslag til vidare handtering av ubåtvraket og kvikksølvforureininga for Stortinget så snart som mogeleg etter at regjeringa har treft si avgjerd, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.