Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:108 (2023-2024)
Innlevert: 12.10.2023
Sendt: 13.10.2023
Besvart: 20.10.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): I en sak i NRK 12. oktober 2023 intervjues en bonde som forteller om økonomisk usikkerhet og røde varsellamper i regnskapet fordi tilskudd som er innvilget etterbetales påfølgende år. I en ekstraordinær dyrtid med stor usikkerhet, er det viktig å skape forutsigbarhet for driften. Nå er det mange som ikke har pengene når regningene kommer.
Hva vil statsråden gjøre for å bidra til likviditet for bønder som må benytte seg av tilskuddsordningene for landbruket?

Begrunnelse

Økonomisk usikkerhet rammer bøndenes velferd og trygghet for videre drift. Det gjør det vanskeligere for unge bønder og utvikling av gårdsdriften. I tillegg til dette har prisen på renter, drivstoff, kraftfôr og andre nødvendige driftskostnader alle økt samtidig. Den økonomiske usikkerheten tærer for mange på motivasjon og psykisk helse. Det er på høy tid å oppdatere regelverket så det er mulig å drifte trygt også i dyrtid med utfordrende likviditet.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Regjeringa legg stor vekt på å bidra til tryggheit for norske bønder og matproduksjon, spesielt i ei krevjande tid med stor auke i kostnadane. Hausten 2021 innfridde vi jordbruket sitt krav om tilleggsløyving på 754 millionar kroner som organisasjonane hadde fremma for regjeringa Solberg, men ikkje fått svar på. Jordbruksoppgjera det siste 2 åra har gitt ein større auke i løyvingane over jordbruksavtala enn nokon gong. På 2 år har løyvinga auka med 54 prosent, frå 17,5 til 27 milliardar kroner, og det blei gitt ei ekstraløyving på 2 milliardar kroner i 2022. For eit vanleg bruk med mjølk (referansebruk nr. 1, med 33 mjølkekyr) vil sum tilskot auke frå 911.000 kroner i 2021 til vel 1.500.000 kroner i 2024 (auke på 65 prosent). Dei to fyste åra under denne regjeringa har budsjettstøtta til jordbruket auka om lag 3 gonger så mykje som summen av alle åtte år under regjeringa Solberg, som representanten Bollestad var ein del av.
Knytt til tørke- og flaumsituasjonen har vi mellom anna vedteke at den auken i satsar og tak i ordninga for produksjonssvikt som vart avtala for 2024, skal gjelde allereie frå 2023, og vi vil prioritere rask sakshandsaming og utbetaling av forskot.
Hovudutbetalinga av produksjons- og avløysartilskot kjem midt i februar kvart år og Stortinget løyver pengane i midt i desember. Utbetalinga er basera på data frå søkjarane med frist 15 oktober året før. Det er i praksis så kort tid mellom søknadar og utbetaling som mogeleg. Det er ikkje mogeleg å betale ut midlane før Stortinget har handsama statsbudsjettet.
Eg har stor forståing for at ein del opplever den ustabile situasjonen vi har som krevjande, trass denne sterke prioriteringa av budsjettmidlar frå regjeringa og auken i prisar på produkta. Eg vil halde fram med å leggje til rette for tryggleik for den norske bonden og norsk matproduksjon.