Ingrid Fiskaa (SV): Kva gjer Noreg for å oppretthalda norma mot prøvesprengingar av atomvåpen og for at atomvåpenstatane som ikkje har ratifisert Prøvestansavtalen (CTBT), inkludert vår allierte USA, skal ratifisera denne?
Begrunnelse
Noreg leier nå saman med Panama arbeid med universalisering av CTBT. Samtidig kjem det meldingar om at tre av verdas atomvåpenstatar gjer klar mogleg gjenoppstart av kjernefysisk testing. Både Kina, USA og Russland har etablert nye bygg og auka aktiviteten i testområda sine, melder CNN. Russland har gitt uttrykk for at dei vurderer å trekka seg frå avtalen.
CTBT har bidratt til eit viktig moratorium på prøvesprengingar, som nå ser ut til å slå sprekker. Det er ei svært skremmande utvikling, og det vil vera eit brot med ei viktig norm i internasjonal politikk. Sjølv om CTBT ikkje har tredd i kraft, har avtalen skapt ei sterk internasjonal norm mot prøvesprengingar.
For at CTBT skal tre i kraft og bli ein del av internasjonal rett må alle dei 44 statane med kjernefysisk kapasitet (spesifisert i avtalens vedlegg II) ratifisera.