Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:129 (2023-2024)
Innlevert: 15.10.2023
Sendt: 16.10.2023
Besvart: 19.10.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er finansministeren samd i at formuesskatten i praksis blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024 ved at innslagspunkta ikkje er inflasjonsjusterte, og kor mykje ekstra proveny får staten inn gjennom formuesskatt i 2024 ved ikkje å inflasjonsjustere innslagspunkta?

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Eg er ikkje samd i at formuesskatten blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024. Endringane i formuesskatten summerer seg til eit provenytap på 427 mill. kroner påløpt. Av dette vert 252 mill. kroner bokført i 2024, sjå tabell 1.1 i Prop. 1 LS (2023-2024). Endringane er nærare beskrivne i kapittel 4.
Det stemmer at botnfrådraget i formuesskatten på 1,7 mill. kroner, innslagspunktet på 20 mill. kroner for trinn 2 og beløpsgrensa på 10 mill. kroner for høg verdsetjing av primærbustad blir vidareførte nominelt. Isolert sett er desse forslaga anslått å auka provenyet med 23 mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2024, sjå punkt 4.1 i Prop. 1 LS (2023-2024).
I punkt 4.2 i Prop. 1 LS (2023-2024) kjem det fram at regjeringa vil auke kalkulasjonsrenta som blir nytta ved berekning av marknadsverdien av næringseigedom for formuesskatteformål med 1 pst. for eigedommar som er lokaliserte utanfor storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Denne endringa er anslått å redusere provenyet med om lag 450 mill. kroner påløpt og 270 mill. kroner bokført i 2024.