Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden sørgja for å skjerma frivilligheita slik at når lokale organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og som ikkje har tilsett dagleg leiar, inngår avtale med kjøp av instruksjon, foredrag eller leiing for å realisera det ideelle formålet med organisasjonen, skal det normalt reknast for å vera hovudsakleg sannsynleg at det ligg føre eit sjølvstendig oppdragsforhold?
Begrunnelse
Frå 1. januar 2024 trer det i kraft nye lovendringar som inneber endringar i arbeidsgivaromgrepet. I høyringsrundane har det vore uttrykt bekymring frå frivilligheita. Lovforslaget avgrensar moglegheita for midlertidighet og sjølvstendige honorarkontraktar. Dette rammar korpsrørsla hardt, og frivillig kulturliv i samband med at dei opplever å bli påtvinga arbeidsgivaransvar for dirigentar og instruktørar. Dei er bekymra for at det bli endå vanskelegare å rekruttera frivillige inn i korpsstyra viss ei slik ordning blir innført. Dei er også bekymra for at kostnadene det ekstra arbeidsgivaransvaret medfører kan gi redusert aktivitetsnivå og at ein manglar både ressursar og kompetanse for å følgja opp arbeidsgivaransvaret dei opplever å påleggjast.