Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over Nye Veier as sin portefølje, ang. oppstarta prosjekt samt planlagte og byggeklare prosjekt samt prosjekt under planlegging, og synleggjere dette opp mot tildelt ramme for 2024, der ein viser kva prosjekt Nye veier as vil starte eller fortsette å bygge i 2024?
Begrunnelse
Nye Veier as har ein betydelig portefølje landet rundt, med planlagte og igangsatte prosjekt. Nye Veier as blir sjølvsagt utfordra av den store prisveksten som også for dei fører til begrensningar for prosjekt for den ramma som er tildelt årleg.
For budsjett 2024 har regjeringa auka overføringane noko til Nye Veier as, men kostnadane for dei ulike prosjekta har også auka betydeleg.