Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:148 (2023-2024)
Innlevert: 18.10.2023
Sendt: 18.10.2023
Besvart: 25.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ein detaljert gjennomgang av status for planlegging og prosjektering av nye Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og synleggjere kva midlar som er nødvendig årleg framover for å sluttføre planlegging og prosjektering av dette prosjektet?

Begrunnelse

Statens vegvesen som fagetat har lagt fram sin tilråding til ny NTP.
I dette framlegget kan ein sjå at STVV tilrår å ta heilt ut av NTP dei neste 12 åra ny RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
I 2022 fremma underteikna framlegg om å stå fast på merknaden til siste utgåve av NTP, der eit stort fleirtal i Stortinget peika på at ny RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger skulle ha oppstart i dei fyrste 6 åra av gjeldande plan. Dette framlegget vart stemt ned av SP, AP og SV i Stortinget.
I lengre tid har Statens vegvesen planlagt og prosjektert dette prosjektet, som framstår som eit av verdensarvormådet Geirangerfjorden med omlands viktigaste enkeltprosjekt.
Stortinget har vedteke nullutslippsvedtak for Geirangerfjorden frå 1/1-2026. Konsekvensane av dette vedtaket vil bety en massiv overføring av trafikk frå sjøen til vegane på land.
I dag besøker mellom 800 000-1 million turistar verdensarvområdet Geirangerfjorden kvart år. Vegsystema inn og ut av området er for lengst utfordra kapasitetsmessig, og ei viktig avbøtande løysing er å spreie turistrafikken gjennom sesongutviding. For å kunne klare dette i framtida, må heilårsveg til Grotli prioriterast i samband med bygging av nye RV 15 Strynefjellet.
Heilårsveg i samband med ny RV 15 med arm til Geiranger er heile grunnlaget for at det ikkje skal bli totalt kaos på vegnettet etter 2026, og som vil kunne skade verdensarvområdet betydeleg, både som destinasjon men også miljømessig.
Stortinget har også i sine vedtak ang nullutslippskravet for verdsarvfjorden, peika på at avbøtande tiltak må gjennomførast for lokalsamfunna. Heilårsveg til Grotli er dette prosjektet for Geiranger i så måte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ikkje starta planlegging etter plan- og bygningslova på rv. 15 Strynefjellet. Etaten har gjort overordna vurderingar av behovet for kommunedelplan for eit framtidig massedeponi og framføring av straum til ein eventuell framtidig byggjefase.
Planar er ferskvare, og det er slik at det vil ta lang tid å fullføre dei prosjekta som i dag ligg inne i Statens vegvesens portefølje. Eg har gitt føringar til Statens vegvesen om å vurdere ressursbruken til planlegging opp mot handlingsrommet for å setje i gong nye prosjekter for å unngå at det blir brukt unødige ressursar på planlegging som det seinare vil vere nødvendig å gjere på nytt før det er aktuelt å starte prosjektet.