Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:170 (2023-2024)
Innlevert: 19.10.2023
Sendt: 19.10.2023
Besvart: 06.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Næringsministeren har lagt fram ei rad såkalla «vegkart» og strategiar for enkeltnæringar med tilhøyrande tiltakspakkar, m.a. Grønt Industriløft med 100 tiltak i 2022 og ytterlegare 50 tiltak i 2023.
Kan næringsministeren gi ei samla oversikt over kva vegkart og strategiar som er lansert utan å ha blitt lagt fram for handsaming i Stortinget, ein status for kva departement/etat/aktør som har hovudansvar for gjennomføring av kvart einskild tiltak i vegkarta/strategiane, og kor langt oppfølginga av kvart tiltakspunkt er kome?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Innleiing

Eg vil først peike på at mange viktige saker er lagt fram for Stortinget, slik som til dømes Eierskapsmeldingen. Vidare er alle tiltak i ulike strategiar og vegkart som har budsjettmessige konsekvensar lagt fram på vanleg måte i Prop. 1 S frå ulike departement. I Prop. 1 S er og ulike strategiar og vegkart omtalt. Det er og viktig å peike på at nokre av vegkarta, mellom anna vegkart for Grønt industriløft, har næringslivet og utanlandske investorar som si målgruppe. Eg vil i det følgande gå gjennom og gi informasjon om dei vegkarta og strategiar som i sin heilheit ikkje er lagt fram for Stortinget.

Vegkart Grønt industriløft med oppdatering til vegkart 2.0

Regjeringa sette i fjor i gang eit krafttak for industrien, kalla vegkart for grønt industriløft. Ambisjonen er å få fortgang på store grøne industriprosjekt i båe eksisterande og nye næringar, slik at vi sikrar verdiskaping og velferd for framtida. Initiativet byggjer på Hurdalsplattformen, som framhevar samanhengen mellom energi-, klima- og næringspolitikk. I juni 2022 lanserte vi vegkart for grønt industriløft med 100 tiltak.
Vegkartet framhevar sju etterspørselsdrivne område som er særleg viktige for Noreg; hydrogen, havvind, CO₂-håndtering, batteri, prosessindustrien, grøn skipsfart og skog- og trenæringa og anna bioøkonomi. Rundt eit år etter framlegginga av vegkartet har mykje skjedd. Vi har tatt viktige avgjerd, styrkja våre internasjonale partnarskap og sett i gong dei fleste av dei 100 tiltaka som blei presentert i vegkartet frå i fjor. Grønt industriløft har ei mobiliserande effekt, og legg grunnlaget for samarbeid og dialog med ulike aktørar om konkretisering av moglegheiter, behov, barrierar og tiltak. Ei rekke selskap har tatt investeringar og eller kome viktige skritt vidare i realiseringa av sine prosjekter i Noreg, og det vert inngått nye partnarskap mellom bedrifter i Noreg og på tvers av land. I det oppdaterte vegkartet har vi lagt til ytterlegare to innsatsområde; solindustri og manufacturing. Det er enorm kraft i den grøne omstillinga. Vi er opptatt av resultater, og har difor gjennomført eller igangsatt 96 av dei 100 tiltaka som vi lanserte i vegkartet i fjor.
Vegkart 2.0 Grønt industriløft inneheld fastsette visjonar for dei ni innsatsområda og opp mot 150 tiltak som vi er i ferd med å følgje opp. Samla vil gjennomføring av desse tiltaka gje betre rammevilkår for grøne industriprosjekt og stimulere til at fleire selskap og investorar våger å satse i grøn retning. Vegkartet er ei samling av ulike tiltak under mange departement og samlar desse for å sjå heilskapen og korleis dei ulike tiltaka og innsatsområda heng saman. Tiltaka i seg sjølv følger vanlege prosessar og alle tiltak med budsjettkonsekvensar vert fremma for Stortinget på vanleg måte. Fleire av tiltaka er også svar på ulike anmodningsvedtak frå Stortinget. Det er i hovudsak næringslivet sjølv og utanlandske investorar som er målgruppa for vegkartet. Med vegkartet ønsker vi å synleggjere overfor investorar og selskap fordelane ved å leggje grøne prosjekt til Norge. I prosessen med å kome fram til ulike tiltak har vi hatt god kontakt med ulike deler av næringslivet, NHO og LO.

Vegkart for helsenæring

Vegkart helsenæringen vart lagt fram i august av helse- og omsorgsministeren og meg på vegne av Regjeringa. Formålet med vegkartet er å visa den store breidda og dei mange tiltaka som Regjeringa gjer, som bidreg til å fremja og styrkje helsenæringen i Noreg og som enno er uforløyst etter at Solbergregjeringa la fram helsenæringsmeldinga våren 2019. Vegkartet er utarbeidd i dialog med næringslivet. Saman med helse- og omsorgsministeren hadde eg eit dialogmøte med næringsaktørane hausten 2022, der fleire tema som aktørane er opptekne av, vart identifisert. I tillegg fekk vi skriftlege innspel frå fleire aktørar. Innspela frå møte og skriftlege innspel er grunnlaget for tema og vegen vidare-punkta i vegkartet.
Vegkartet rettar seg mot den delen av næringslivet som utviklar legemiddel, medisinsk utstyr og digitale verktøy som bidreg til auka lønnsemd og verdiskaping i helsenæringa. Vegkartet er ikkje lagt fram for Stortinget. Vegen vidare-punkta (tiltaka) i vegkartet er gjeldande politikk og omfattar prosessar og tiltak som er kjent for Stortinget gjennom budsjettframlegg og meldingsarbeid, eller dei inngår i forvaltingsarbeidet til departementa. Tiltaka er til oppfølging, eller vil bli gitt i oppdrag til underliggande etatar, verkemiddelapparat, helseføretak eller utdanningsinstitusjonar med utgangspunkt i vedteke statsbudsjett. Fire av tiltaka er gjennomførte medan 37 er under arbeid.

Batteristrategien

Regjeringa la i juni 2022 fram Noregs batteristrategi. Dette med bakgrunn i at batteri er heilt sentralt for omstillinga til fornybar energi, og etterspørselen etter ulike typar batteri forventast å vekse betydeleg årene framover. Noreg har gode vilkår for å bli ein sentral aktør i utviklinga av ein meir berekraftig batteriindustri og dermed bidra til å framskynde overgangen frå bruk av fossile energikjelder til grøn kraft. Batteristrategien ble igangsett etter oppfordring frå industrien og arbeidet med strategien er gjennomført i ein transparent prosess som involverte eit bredt spekter av aktørar inkl. industriselskap, eigarmiljø, rådgjevingsmiljø, miljøorganisasjonar, lokale og regionale myndigheiter, arbeidslivets parter, verkemiddelapparatet vårt og andre interessentar. Den europeiske batterialliansen var og kobla på arbeidet.
Tiltaka skal bidra til regjeringas visjon om at Noreg skal vidareutvikle ein samanhengande og lønnsam batteriverdikjede, som spenn frå berekraftig mineralutvinning til resirkulering av batteri. Noreg skal være eit attraktivt vertsland for lønnsam aktivitet i heile batteriverdikjeda og tiltrekke seg dei store batteriinvesteringane og gigafabrikkane.
Realisering av batteristrategiens ambisjonar og tiltak krev involvering av fleire aktørar, ikkje minst næringen sjølv. Etter framlegginga av Noregs batteristrategi har aktørane i den norske batteriverdikjeda konsolidert seg gjennom Batteri Norway. Økt samarbeid kan bidra til å fremme konsept og felles behov, som bl.a. kan ta ned kommersiell risiko for investorar, og dermed utløyse privat kapital. Vi ser stor interesse og investeringslyst for å realisere prosjekta i grøne verdikjeder i Noreg, og mange prosjekt har modna seg vidare sidan vi igangsette Grønt industriløft. Kartlegging Nærings- og fiskeridepartementet har gjort, viser at det sidan 2021 er mobilisert meir enn 18 mrd. kroner i privat kapital til selskap i den norske batterinæringa.

Mineralstrategien

Mineralstrategien vart lagt fram 21. juni i år. Strategien beskriv regjeringas politikk for å leggje til rette for auka verdiskaping og berekraft i mineralnæringa, og korleis ein skal leggje til rette for trygg råvaretilgang for norsk industri, og har som overordna mål at Noreg skal utvikle verdas mest berekraftige mineralnæring. Før utarbeidinga av strategien vart det gjennomført innspillsmøte med mineralnæringa og miljøorganisasjonane og departementet har og mottatt ei rekke innspel til arbeidet. Strategien er meint å gje ei oversikt over sentrale problemstillingar og ei retning for vidare utvikling av norsk mineralnæring. Det har og vore viktig å synleggjere for våre samarbeidspartnarar og allierte at Noreg har utvinning og betydelege mineralressursar, og kan være ein stabil og langsiktig leverandør av mineral til det grøne skiftet og for å sikre industrielle verdikjeder gjennom transparent og berekraftig utvinning og produksjon av kritiske råmateriale. Strategien inneheld tiltak for raskare realisering av mineralprosjekt i Noreg, tiltak som gir insentiv til gjenbruk av råvarer og til å styrke sosial, økonomisk og miljømessig berekraft i næringen. NFD forvaltar mineralloven, som er eit sentralt rammevilkår for norsk mineralnæring. Fleire av tiltaka i mineralstrategien handlar om oppfølginga av NOU 2022: 8 Ny minerallov, som blei lagt frem i juli 2022. Arbeidet med oppfølginga av utgreiinga vil munne ut i ein lovproposisjon som skal leggjast fram for Stortinget.
Andre sentrale tiltak handlar blant anna om å innhente meir kunnskap om ulike deponeringsformar gjennom eit ekspertutval, og å be Noregs forskningsråd om å gjere ein analyse av behova for ny forsking og kunnskap som kan betre moglegheitene for framtidig utvinning. Oppfølginga av mineralstrategien starta hausten 2023.

Regjeringa sin tipunktsplan for betre utval og lågare prisar i daglegvarebutikken

Regjeringa er oppteken av at det skal vere effektiv konkurranse i daglegvarebransjen, og prioriterer arbeidet med tiltak for å styrkje konkurransen svært høgt. Regjeringa har difor satt i gang historisk mange tiltak for å styrkje konkurranseforholda i daglegvarebransjen. Tiltaka er samanfatta i regjeringas 10-punktsplan. Regjeringa har mellom anna vedteke å forby negative servituttar, ein praksis som inneber at daglegvarekjeder kan hindre konkurrentar frå å opne ny butikk i eit lokale. Tidlegare har vi sett at aktørane signaliserer komande prisaukar gjennom media, det har vi teke tak i og aktørane har endra praksisen sin. Fleire lov- og forskriftsendringar har vore på høyring og vil bli følgde opp. Daglegvaretilsynet og Konkurransetilsynet har fått meir midlar til arbeidet sitt med daglegvare og vi er i full gong med analysar om kjedene sine eigne merkevarer vertikal integrasjon og kven som tener på prisaukane i bransjen.
Stortinget er orientert om 10-punktsplanen blant anna i skriftlege svar på spørsmål og vurderingar om representantforslag. Tiltak som har hatt budsjettkonsekvensar er lagt fram for Stortinget på vanleg måte. Det same vil gjelde for tiltak som eventuelt vil krevje lovendringar. I Prop. 1 S (2023–2024) Nærings- og fiskeridepartementet er fleire av tiltaka i tipunktsplanen omtalt.