Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:177 (2023-2024)
Innlevert: 19.10.2023
Sendt: 20.10.2023
Besvart: 27.10.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I følge Nærings- og fiskeridepartementet sin budsjettproposisjon for 2024 (side 141), ga Regelrådet 35 høyringsuttaler i 2022 til forslag om nytt regelverk som vedkjem næringslivet. Av desse 35 forslaga meinte Regelrådet heile 28 var for dårleg utgreia (gult eller rødt lys).
Kor mange av desse 28 forslaga til nytt regelverk vart endra i tråd med Regelrådet sine innspel?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Regelrådet går gjennom om lag 300 høyringssaker med verknader for næringslivet kvart år, for deretter å gå grundigare inn i utvalde saker. Talet på raude, gule og grøne saker frå Regelrådet varierer. Ei auke i talet på raude saker treng ikkje å tyde på at det er forverring i det samla bilete av utgreiingar. Det kan være tilfeldige svingingar.
Regelrådet ga 35 høyringsuttaler i 2022, fordelt med 16 raude, tolv gule og sju grøne. Av dei 28 sakene Regelrådet ga raud og gul uttale til, er 15 saker vedtatt (lover) eller stadfesta (forskrifter). I desse sakene kan det vere mogleg å sjå om forslaga til nytt regelverk vart endra i tråd med Regelrådet sine innspel, men berre i dei sakene der det ligg føre offentleg tilgjengelege avgjerdsdokument og der ansvarleg departement/direktorat har dokumentert korleis dei har følgt opp Regelrådets uttale i desse.
Sju av dei vedteke sakene er lovsaker. Det ligg føre offentleg tilgjengeleg avgjerdsdokument (lovproposisjon og innstilling) i alle desse sakene. Regelrådets uttale er kommentert i grunnlagsdokument for avgjerder i fire av dei sju sakene. I ei av desse sakene er det aktuelle departementet ueinig i Regelrådets kritikk om at forslaget ikkje er utgreidd godt nok. I dei tre andre sakene kommenterer det aktuelle departement Regelrådets kritikk og tek den til etterretning. Korleis Regelrådets kritikk er følgt opp er ofte vanskelegare å lese ut av proposisjonane.
Åtte av dei vedteke sakene gjeld fastsetting av forskrifter. Det ligg føre offentlege avgjerdsdokument (brev om forskriftsfastsetting eller liknande) i berre to av disse sakene. Regelrådets uttale er omtalt av ansvarleg direktorat i ei av dei to sakene. Det er ikkje krav om at det skal offentleggjerast avgjerdsdokument i forskriftssaker. På grunn av dette er det vanskeleg å vurdere effekten av Regelrådets og andre høyringsinstansars uttaler i forskriftssaker.
13 saker er ikkje ferdigbehandla. Her er det naturleg nok ikkje mogleg å sjå kva som er effekten av Regelrådets uttale.
Regelrådets sporing av saker der dei har uttalt seg gjer berre eit avgrensa bilete av utsegnene til rådet. Ein viktig indirekte effekt av Regelrådets innspel er at seinare saker frå same regelverksprodusent forhåpentleg er betre greidd ut, og at departement eller direktorat har lært noko av uttalen. Ein annan effekt kan vere at det blir gjort tilleggsutgreiingar etter høyring av problemstillingar som Regelrådet og andre har påpeika.
Effektane av eit regelråd er noko ein vil sjå over tid. Rådet meiner at det er framgang i kvalitet på dei utgreiingane som ligg til grunn for dei mange forslaga til nytt regelverk som blir lagt fram kvart år. Dei store regelprodusentane gjer gjennomgåande eit betre arbeid og fylgjer betre opp dei krava som ligg i utgreiingsinstruksen no enn for få år sidan. Dette meinte også dei uavhengige ekspertane som gjekk gjennom og evaluerte rådets aktivitetar og resultat i 2021. Rådet melder og at det blant regelprodusentane er interesse for å møte rådet og diskutere kva som kan gjerast for å forbetre utgreiingar om nytt regelverk.
I det internasjonale samarbeidet mellom regelråd blir det meir og meir tydeleg at det fyrst og fremst er småbedriftene som har nytte av eit regelråd som vurderer om reguleringar og krav til bedriftene er for omfattande og kostbare.