Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:218 (2023-2024)
Innlevert: 23.10.2023
Sendt: 23.10.2023
Besvart: 30.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte tall på kostnadane for å bygge opp igjen og reparere skadane på vegnettet gjeldande både riks og fylkesvegnettet samt jernbanenettet med bakgrunn i ekstremværet "HANS"?

Begrunnelse

Ekstremværet "HANS" stod for eit stort skadeomfang på både riks og fylkesvegnettet samt jernbanenettet i store delar av landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Meirutgiftene for Statens vegvesen på riksvegnettet knytt til uvêret i august er foreløpig berekna til om lag 400-500 mill. kr. Midlar til å utbetre skader etter ekstremvêret Hans i 2024 inngår i løyvingsforslaget for kap. 1320 Statens vegvesen. For fylkesvegnettet er det fylkeskommunane som bereknar dei ekstraordinære utgiftene for sine egne vegar. Kommunal- og distriktsdepartementet har bedt dei råka fylkeskommunane om å informere om omfanget av skader og kostnader i samband med søknad om skjønnsmidlar. Samferdselsdepartementet legg opp til å hente inn eit samla kunnskapsgrunnlag frå hendinga på både riks- og fylkesvegnettet når dette er klart.
I løyvingsforslaget for 2024 på kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, inngår midlar til opprydding og utbetring av skader etter ekstremvêret Hans. Bane NOR har gjort overslag om at ekstremvêret vil medføre auka kostnader til mellom anna vedlikehald på 600–800 mill. kroner. Dette inkluderer gjenoppbygging av Randklev bru.