Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:220 (2023-2024)
Innlevert: 23.10.2023
Sendt: 24.10.2023
Besvart: 27.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Regjeringa har i statsbudsjettet 2024 lova at K5 skal gjennomførast, men ikkje varsla oppstart i 2024 slik det har gjort for E6, E134 og Oslofjord 2. Og samtidig har Statens vegvesen og Bane Nor utelatt K5 i sine reviderte innspel til NTP.
Kva framdrift og prosess ser departementet for seg videre?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har sett av midlar på statsbudsjettet for 2024 til å vidareføre førebuande arbeid på Fellesprosjektet Arna–Stanghelle. Vidare framdrift i prosjektet må vurderast nærare i arbeidet med ny Nasjonal transportplan som vert lagt frem våren 2024.
Statens vegvesen melder om at ei eventuell avgjersle om oppstart tidlegast kan fattast medio 2024 fordi det står att fleire moment før prosjektet er klart for utbygging - deriblant naudsynte avklaringar etter gjennomført ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag (KS2), og utarbeiding av ein stortingsproposisjon om finansiering og utbygging av prosjektet. Ei eventuell avgjersle om oppstart medio 2024 vil innebere at eventuell byggestart på prosjektet tidlegast vil vere aktuell våren 2025.