Alfred Jens Bjørlo (V): Deler utenriksministeren vurderinga frå Genteknologiutvalet sitt fleirtal om at eit generelt forbod mot import av GMO-varer strir mot EØS-avtalen og WTO og utgjer ein rettsleg risiko for Noreg som stat, og har Utanriksdepartementet tidlegare uttalt seg om/ hatt synspunkt på denne problemstillinga i samband med einskildsaker om GMO-importsøknader?
Begrunnelse
I NOUen «Genteknologi i en bærekraftig fremtid», levert av Genteknologiutvalget i juni, meiner fleirtalet at Noregs forbodspolitikk på import av GMO til mat og fôr strir mot internasjonale handelsavtalar og ber Utanriksdepartementet gjere tydeleg det rettslege grunnlaget for eksisterande og framtidige forbod.
Utvalsfleirtalet viser til at det eine forbodet grunngjeve i etiske omsyn knytt til sprøyting med eit visst sprøytemiddel i dyrkingslandet ikkje er legitimt fordi 1) det ikkje er noko som tyder på at produktet blir sprøyta med det aktuelle sprøytemiddelet – det var ikkje ein del av den omsøkte bruken for det genmodifiserte produktet og 2) at det blir importert ei rekkje konvensjonelle matprodukt sprøyta med sprøytemiddelet utan at det blir vurdert å gå ut over den norske offentlege moralen.
Utvalet viser vidare til at tre forbod grunngjevne i føre-var-omsyn knytt til miljørisiko ikkje er legitime fordi både dei norske og europeiske risikovurderingsorgana fastslår at desse produkta ikkje inneber nokon sannsynleg miljørisiko, verken generelt eller i Noreg spesielt. Det blir fastslått vidare, seinast i ei fornya vurdering frå 2022, at kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg for å trekkje ein slik konklusjon, og derfor at uvissa – som føre-var-prinsippet er meint å handtere – er låg.