Skriftlig spørsmål fra Mari Holm Lønseth (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:225 (2023-2024)
Innlevert: 24.10.2023
Sendt: 24.10.2023
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 01.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mari Holm Lønseth (H)

Spørsmål

Mari Holm Lønseth (H): Vil statsråden fremme forslag om at kommunene selv skal kunne avgjøre hva som regnes som turiststed, og dermed kunne ha søndagsåpne butikker?

Begrunnelse

Lokale folkevalgte kjenner sitt lokalsamfunn best. De er godt skikket til å ta beslutninger til det beste for folk og næringsliv, og gjøre gode avveininger av ulike hensyn. Derfor bør mer makt og myndighet flyttes til kommunene.
For eksempel bør kommunene selv kunne bestemme hva som regnes som et turiststed i egen kommune, og dermed om butikker kan ha søndagsåpent. I dag er det statsforvalteren som har ansvar for å godkjenne om butikker kan ha søndagsåpent. Det gir enkelte ganger spesielle utslag. For eksempel har ikke Coop Marked på Mausund i Frøya kommune fått godkjent sin søknad om å holde søndagsåpent, mens Coop Prix på Dyrøy i Frøya kommune har fått godkjent sin søknad. Frøya kommune har klaget på vedtaket, og undertegnede ber ikke statsråden kommentere denne enkeltsaken. Den viser likevel at regelverket i dag gir merkelige utslag, og at avgjørelsen burde vært overlatt til lokaldemokratiet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Spørsmålet om søndagsopne butikkar blir regulert i lov om heilagdagar og heilagsdagsfred (heilagdagsfredlova). Som ansvarleg statsråd for denne lova er det derfor eg som svarer på spørsmålet frå representanten.
Hurdalsplattforma slår fast at regjeringa vil «[h]olde fast på dagens regelverk for søndagsåpne butikker.» Det er det gode grunnar for.
Å flytte myndigheita etter heilagdagsfredlova § 5 frå Statsforvaltaren til kommunane, vil innebere at kommunane vil kunne dispensere frå avgrensingane lova set for opningstidene til faste utsalsstader på søn- og heilagdagar. Vidare vil kommunane kunne peike ut område der avgrensingane på opningstidene ikkje skal gjelde, såkalla typiske turiststader. Kommunane vil dermed kunne vedta vidare opningstider enn det som følgjer av hovudreglane i lova, men ikkje avgrense opningstidene. Ei slik endring vil derfor innebere ei liberalisering av heilagdagsfredlova § 5.
Utvalet som greidde ut konsekvensane av å endre heilagdagsfredlova § 5, avviste å flytte myndigheita til kommunane på grunn av konkurransevridande effektar av lokalt fastsette reglar som varierer mellom kommunane, sjå NOU 2017: 17 På ein søndag? punkt 1.1. Utvalet viste dessutan til at arbeidstakarane bør ha det same vernet over heile landet. Høyringa av NOU-en gav heller ikkje støtte til tanken om å overføre myndigheita til kommunane.
Sjølv om ein auke av det kommunale sjølvstyret i seg sjølv ofte vil vere eit gode fordi det inneber at avgjerder blir tekne nærare folk, vil ei slik liberalisering hole ut vernet som dei nasjonale reglane er meint å gi. Eg meiner difor at det ikkje bør bli for mange typiske turiststader rundt om. Forbodet mot at faste utsalsstader sel varer til forbrukarar på søn- og heilagdagar, vernar om ein viktig norsk tradisjon om at søn- og heilagdagar er annleisdagar som kan nyttast til andre ting enn å arbeide.
Forbodet varetek vidare viktige samfunnsomsyn, noko som truleg er bakgrunnen for at forbodet har stått seg over tid, trass endringar i samfunnstilhøve, kjøpekraft og handlemønster. Heilagdagsfredlova § 5 sørgjer for det første for at alle dei som arbeider i varehandelen og tilknytte bransjar får ein felles fridag. For det andre vernar forbodet om ein verdfull samfunnsrytme. For det tredje sørgjer forbodet for at desse dagane får eit anna preg enn laurdagar ved at dei inneber redusert kommersielt press.
Mot denne bakgrunnen har eg ikkje tenkt å fremje eit forslag om at kommunane sjølve skal kunne avgjere kva som skal reknast som ein typisk turiststad.