Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:255 (2023-2024)
Innlevert: 27.10.2023
Sendt: 30.10.2023
Besvart: 06.11.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden se på regelverket og vurdere å la kommunene selv få avgjøre sammensettingen av kontrollutvalget og disponeringen av de folkevalgte i ulike roller?

Begrunnelse

I Eidfjord kommune i Vestland oppstod i konstitueringen problemet med at ingen parti verken posisjon eller opposisjon ville plassere noen av sine faste kommunestyrerepresentanter i kontrollutvalget. Reglene med at faste og varamedlemmer til formannskapet samt kommunalt ansatte ikke er valgbar gjør at i spesielt mindre kommuner kan det være utfordrende å finne valgbare kommunestyrerepresentanter. Samt at for mange folkevalgte er det andre ønsker de ofte har for å utøve vervet enn å være i kontrollutvalget. Kontrollutvalget har en viktig funksjon på vegne av kommunestyret. Men det spørs om kravet om at minst en fra kommunestyret må sitte der kan for flere kommuner oppleves som krevende.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Fråsegna om at eit kommunestyremedlem skal sitje i kontrollutvalet har vore uendra sidan den første gong vart innført, sjå Ot.prp. nr. 70 (2002–2003) side 53. Kravet hadde høg oppslutnad. Det er kommunestyret som er det øvste kontrollorganet i kommunen. Kontrollutvalet skal føre kontroll på vegne av kommunestyret. Då er det òg viktig at minst ein representant frå kommunestyret sit i kontrollutvalet. Dette medlemmet er eit avgjerande bindeledd mellom kommunestyret og kontrollutvalet. At minst eit medlem både sit i kontrollutvalet og i kommunestyret er med på å styrke kontakten mellom organa.
Det er vidare eit sentralt prinsipp at kontrollutvalet skal vere uavhengig av dei utvalet skal kontrollere. Dette for at ein skal ha tillit til vurderingane og konklusjonane til utvalet. Eg meiner derfor det er riktig at ein ikkje kan vere tilsett i kommunen og samstundes vere medlem av kontrollutvalet. Det er òg riktig at ein ikkje bør sitje både i formannskapet eller vere vara til formannskapet og samstundes vere medlem i kontrollutvalet. Formannskapet er det fremste utøvande folkevalde organet i kommunen, som kan ta mange viktige avgjerder. Kontrollutvalet må derfor kunne gjere ein uavhengig kontroll av formannskapets verksemd, som folk kan ha tillit til.
Eg er ikkje kjend med at desse krava har vore eit stort problem under konstitueringane. Då fråsegnene om kven som er valbare til kontrollutvalet blei vidareført med kommunelova i 2018, var det knapt nokon i høyringa som kommenterte eller problematiserte forslaget, sjå Prop. 46 L (2017–2018) kapittel 24.3.3 og 24.3.4. Eg kan derfor ikkje sjå at det er grunn til å endre på fråsegnene no.
Eg er samd med stortingsrepresentant Njåstad i at kontrollutvalet har ein viktig funksjon. Nettopp derfor er det så avgjerande å sørge for at utvalet er uavhengig og at det sit minst eit kommunestyremedlem i utvalet som kan leggje til rette for god kommunikasjon med kommunestyret.