Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:261 (2023-2024)
Innlevert: 29.10.2023
Sendt: 30.10.2023
Besvart: 06.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan forbrukerministeren redegjøre for hva som nå er status for Elklagenemnda, herunder bl.a. antall klager og utvikling i behandlingstid?

Begrunnelse

I januar stilte jeg forbrukerministeren et skriftlig spørsmål om hvilke tiltak hun som statsråd ville iverksette for å sikre strømkundene et velfungerende, utenomrettslig klagetilbud. Dokument nr. 15:939 (2022-2023).
Dette på bakgrunn av de svært lange behandlingstidene i elklagenemda.
I sitt svar til meg på spørsmålet, avslutter ministeren med at «Eg vil følgje nøye med på utviklinga».
Nå er det gått nesten et år og det kunne vært interessant å få en oppdatering på hva som er status i elklagenemnda i det man går inn i årets kaldeste måneder.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Elklagenemnda er ei bransjefinansiert klagenemnd som er oppretta etter avtale mellom Fornybar Norge og Forbrukarrådet. Nemnda er en del av det heilskaplege systemet for handsaming av forbrukarklager og fyller minimumskrava i godkjenningslova til mellom anna organisering og sakshandsaming.
I takt med aukande straumprisar frå hausten 2022 auka talet på klager i Elklagenemnda mykje. Mange straumkundar måtte vente for lenge på å få klagesakene sine handsama av nemnda. 26. januar 2023 hadde eg saman med Olje- og energiministeren, eit møte med straumbransjen for å diskutere utfordringane i forbrukarmarknaden for straum. Eit av føremåla med møtet var å høyre korleis straumbransjen arbeidde for å løyse utfordringane i Elklagenemnda.
Eg er nøgd med at straumbransjen synst å ha teke utfordringane i Elklagenemnda på alvor. Dei har auka finansieringa til nemnda slik at det har blitt mogeleg å auke talet på sakshandsamarar. Elklagenemnda har òg teke i bruk eit nytt digitalt system for sakshandsaming. Dette har gitt resultat.
Nemnda rapporterer at det i 2022 blei registrert 1558 skriftlege førespurnader. Dette var 59 prosent fleire enn i 2021. Så langt i 2023 ser det ut til at sakinngangen har stabilisert seg. Den er likevel på eit høgt nivå, noko som truleg kjem av ei auka merksemd blant forbrukarane om straumavtalane. Dei aller fleste sakene i Elklagenemnda blir likevel handsama innanfor sakshandsamingsfristen på 90 dagar. På grunn av kompleksiteten i sakene og kapasiteten til nemnda, varierer handsamingstida likevel mykje frå sak til sak. Eg kjenner til at Elklagenemnda arbeider med endå fleire tiltak for å redusere handsamingstida i nemnda.
For at tilbodet for handsaming av forbrukartvistar skal vere ei aktuell løysning for forbrukarane framfor å ta tvisten til rettsapparatet, må det vere så godt og effektivt som mogleg. I slutten av august hadde eg eit møte med alle klagenemndene for forbrukarsaker for å diskutere moglegheiter og utfordringar i klagehandsamingssystemet. Eg meiner det er nyttig med ein samla dialog om kor det er rom for forbetringar, og om korleis nemndene kan samarbeide og lære av kvarandre.
Eg er nøgd med at handsaminga av klagesakene i Elklagenemnda utviklar seg i positiv retning. Dette er heilt avgjerande for at forbrukarane skal ha tillit til straumbransjen.