Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:297 (2023-2024)
Innlevert: 01.11.2023
Sendt: 01.11.2023
Besvart: 07.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva beredskaps og vedlikeholdsrutiner som eksisterar eller ikkje eksisterar på hovudvegnettet på austlandet i detalj, slik at det faktisk er mulig å få ein reell oversikt over korleis situasjonen dei siste dagane på austlandet faktisk er mulig, og kan samferdselsministeren bekrefte om Statens vegvesen bryr seg om værmeldingane og om dei faktisk snart har tenkt å bruke disse?

Begrunnelse

Kvar vinter opplever vi spesielt på austlandet at vinteren kjem "brått og uventa", sjølv om Statens vegvesen har samme tilgangen til værmeldinger som alle andre. Beredskapen er mildt sagt langt under pari, og under ein kvar kritikk.
Gong etter gong opplever ein at vegvedlikeholdet og beredskapen ikkje holder mål, og det er brått ufatteleg at dette ikkje snart får konsekvensar.
Like vanvittig er det at utanlandske vogntog slepp inn på norske vegar, totalt utan utrustning for å ferdast trygt på vintervegar. Statens vegvesen seier dei "følger godt med" men her må det vere noko fundamentalt gale ang kontrollrutiner for slike vogntog på grensa, samt rutinene til kontrollorgana.
Det er heller ikkje akseptabelt at statens vegvesen og politiet ikkje har kontrollrutiner for å hindre at så mange ganglause sjåførar av privatbilar svirrar rundt på sommardekk midt på vinteren, og i årstider der dette rett og slett er trafikkfarlig. Dette er områder som faktisk burde vore prioritert med hyppige kontrollar der slike bilar burde avskiltast på stedet og bilføraren mist førarkortet. I dag er det dato for når ein "kan" skifte til vinterdekk, men det burde heller vere ein dato for når alle "SKAL" skifte til vinterdekk. Det er føraren si plikt å vere skodd etter føreforholda, men dette er tydeligvis berre å gløyme for dette klarer bilistane slett ikkje tydeligvis.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Sesongens første snøvêr kom mange stader på Austlandet og Sørlandet 30. til 31. oktober. Fleire stader var hovudvegane stengde av køyretøy som ikkje kom seg fram. Det førte til lange køar, særleg på E18 ved Ørje og på E18 ved Porsgrunn.
Meteorologisk institutt hadde i tida før snøvêret kome med omfattande informasjon om kva vêr som var venta, følgt av eit bodskap om at ein måtte bruke vinterdekk.
Under hendinga var det fortløpande lagt ut trafikkmeldingar på vegvesen.no/trafikk, i appen Vegvesen trafikk og på X/Twitter.
Det er bilførarane som har ansvar for at bilen har vinterdekk og kjetting, og for å tilpasse fart og køyrestil når vêret krev det, jf. § 3 i vegtrafikklova. Fleire bilar var ikkje skodd for vinterføre. Det er dessverre noko ein opplever ofte ved det første snøfallet. Statens vegvesen sin foreløpige vurdering er at situasjonen dei aktuelle dagane i stor grad kom av for dårleg utrustning på bilane, men eg har bede etaten om å gjere ein gjennomgang av hendingane.
Statens vegvesen legg standardane i handbok R610 Drift og vedlikehald til grunn for arbeid på riksvegane. Alle driftskontraktane har ein beredskapsplan som gir prosedyrar for å ta hand om beredskap og trafikkavvikling året rundt. Planane inneheld mellom anna krav til skiftordningar, vaktlister og beredskapslager. Planane har òg ei oversikt over reservepersonell og utstyr som kan bli kalla inn på kort varsel. Driftsentreprenørane skal lage ein eigen vinterdriftsplan. Entreprenørane må dokumentere at alle som arbeider med vinterdrifta har fått naudsynt informasjon om og innføring i vinterdriftsplanen. Desse planane vart lagt til grunn for arbeidet på riksvegane under snøvêret.
Under hendinga dei aktuelle dagane var det noko utfordrande å skaffe og få fram tungbilbergarar. Dette vil Statens vegvesen sjå vidare på saman med andre aktuelle etatar.
Statens vegvesen hadde alt tilgjengeleg kontrollmannskap på jobb på kontrollplassane før og under hendinga. Målet med kontrollane er å luke ut trafikkfarlege køyretøy. Det var kontrollar både på grenseovergangane og lengre inn i landet. Kontroll av dekk og kjetting på tunge køyretøy inngår i alle tekniske kontrollar som Statens vegvesen utfører i vinterhalvåret og ved vêrsituasjonar som var i førre veke. Statistikk syner at dei fleste tungbilane som køyrer på norske vegar har dekkutrustning som oppfyller krava til dette. Dette gjeld både norske og utanlandske køyretøy.