Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over dei samfunnsmessige konsekvensane og kostnadane med bakgrunn i manglande vintervedlikehold og beredskap jamf. trafikkaoset på austlandet dei siste dagane, og samtidig ein rapport over konsekvensane dette hare eller kan få for blålysetatane si drift?
Begrunnelse
Dei siste daganes kaos i trafikken på austlandet med stengde vegar i timesvis, ja snart heile dagen, fører dette åpenbart til svært store konsekvensar for samfunnet. Dette er dessverre noko som oppstår alt for ofte, og dette medfører store kostnadar for alt av næringsliv samt samfunnet forøvrig. Dette har sjølvsagt også svært store konsekvensar for "blålysetatane" som heller ikkje kjem seg fram på vegnettet for sjuketransport, brann ol.