Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:311 (2023-2024)
Innlevert: 02.11.2023
Sendt: 02.11.2023
Besvart: 08.11.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I lys av Høgsteretts dom i den så kalla ACER-saka, vil finansministeren og partiet hans endre retorikken sin knytt til EUs tredje energimarknadspakke og ACER, og korleis påverkar dommen synet til finansministeren på Ren energimarknadspakken, også kalla fjerde energimarknadspakke?

Begrunnelse

Tysdag 31. oktober kom Høgsteretts dom i ACER-saka. Dommen kunne ikkje vore klarare. Stortinget var godt innanfor Grunnlova då Noreg slutta seg til EUs tredje energimarknadspakke og energibyrået ACER. Høgsterett konkluderer tydeleg med at overføringa av styresmakt er “lite inngripande” og stadfestar at dei “ikkje er i tvil om at styresmaktsoverføringa berre er lite inngripande.” Høgsterett konkluderer vidare med at Stortinget ikkje har noka plikt til å vurdera ei ny sak om overføring av styresmakt i samanheng med kva styresmakt som er overført vidare.
Finansministeren har tidlegare sagt: «Senterpartiet vil ta tilbake nasjonal kontroll over norsk energipolitikk» og «Avgjerder av stor betydning for norsk energipolitikk skal fattast i Noreg. Derfor seier Senterpartiet nei til ACER.» Høgsterettsdommen viser heilt tydeleg at desse påstandane ikkje er korrekte.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Senterpartiet er opptekne av nasjonal kontroll og sjølvråderett, og standpunktet vårt mot EU-medlemskap er godt kjent. Meiningane til Senterpartiet i ACER-saka da ho vart handsama i Stortinget er godt kjende og kan lesast i Innst. 175 L (2017–2018) og Innst. 178 S (2017–2018). For ytterlegare spørsmål rundt pågåande prosessar i regjeringa knytte til energiområdet, vil ansvarleg statsråd kunne svare meir utfyllande.