Birgit Oline Kjerstad (SV): Kan Vestland fylkeskommune og andre fylker som går føre med å stille krav om nullutslepp i sine ferje og båtanbod, rekne med kompensasjon på like linje med dei fylka som ventar med å stille krav til ei forskrift om nullutslepp og kostnadskompensasjonsordning er på plass?
Begrunnelse
Onsdag 1. november melde NRK at politikarane i Vestland fylkeskommune no vurderer å gå bort frå nullustsleppskrav i hurtigbåtanbod. Dette skjer på grunn av at regjeringa ikkje har kome med krav om det i forskrift, at føreseieleg kompensasjonsordning ikkje er på plass, og at det ikkje er sikkert at ei kompensasjonsordning vil gjelde for anbod inngått før ei forskrift om null og lavutslepp er på plass.
Noreg har sett mål om å kutte 55 % av klimagassutsleppa innan 2030. Skal Noreg nå klimamåla hastar det med å kutte utslepp. Mykje av kutta må skje i transportsektoren. Noko av det mest effektive fylkeskommunene kan gjere for å kutte utslepp, er å innføre krav om nullutslepp i sine hurtigbåt og ferjeanbod. Feire fylkeskommunar har gjort slike vedtak og er godt i gang med omstillinga. Som fylgje av dette gjekk utsleppa i Vestland ned frå 67 600 tonn CO₂ i 2019 til 20 100 tonn CO₂ i 2022. Men dei store meirkostnadane med denne satsinga vert ikkje dekt inn av redusert CO₂-avgift, redusert drivstoffkostnad, eller av dagens inntektssystem.
Hurtigbåtane står i dag for store utslepp. Maritim industri er godt i gang med å utvikle teknologiar som fjernar eller gir mindre utslepp. Det er avgjerande for utviklinga av utsleppsfri maritim teknologi at det vert stilt krav utsleppskutt i anbod, at det kjem på plass føreseielege vilkår og at det kjem på plass ein kostnadskompensasjon for ekstraordinære utgifter til fylkeskommunane.
Det er også svært uheldig for maritim industri om omlegginga stanser opp no.
I Menon Economics sin rapport 109/2023 om fylkeskommunale kostnader ved nullutsleppskrav for ferger og hurtigbåter, er det ut frå erfaringstal rekna ut at fylkeskommunene vil ha årlege meirkostnader på 690 mill. kroner ved innfasing av utsleppsfrie ferger. Nettoppgraderinger eller finansieringskostnader er ikkje medrekna. Dei sambanda som er elektrifiserte til no, er dei som har vore lettast å legge om, og kostnadane kan vere høgare for dei resterande sambanda. Særleg er utfordringane store i fylker som Norland med lange ferje og båtstrekningar, og svakt utbygd kraftnett. Menon Economics skriv at det er meir usikre anslag for kostnadane med å fase inn null og lavutslepps hurtigbåtar. Det er eit rekna ut eit spenn i kostandane på 3 000 – 18 000 kr. pr. tonn CO₂.