Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:326 (2023-2024)
Innlevert: 03.11.2023
Sendt: 03.11.2023
Besvart: 16.11.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Muraren Mohammed Naseem vart hausten 2007 feilaktig pågripen av Forsvarets spesialkommando (FSK) i Afghanistan.
Når - dato og klokkeslett - kobla Task Force 51/ Forsvarets Spesialkommando seg ned frå kommunikasjons- og sambandssystema i Afghanistan etter operasjonen i Tagab 17. september 2007?

Begrunnelse

Soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) gjennomførte 17. september 2007 ein større operasjon i Tagab-dalen nordaust for Kabul. Målet for operasjonen var å pågripa ein Taliban-leiar som heitte Qari Nejat. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange under operasjonen. Mannen som vart pågripen var ein murar som heitte Mohammad Naseem.
Ansvarleg for etterretning under operasjonen var oberst Brage Andreas Larssen. Til VG opplyste Larssen i fjor haust at den norske spesialstyrken reiste heim sju dagar etter operasjonen: «Kun få dager etter at denne operasjonen var over, hadde vi koblet ned våre systemer,» sa Larssen til VG.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Spørsmålet om tidspunktet for når Task Force 51 kopla ned frå kommunikasjons- og sambandssystema i Afghanistan, etter operasjonen i Tagab 17. september 2007 er knytt til andre forhold ved operasjonen, og kan ikkje svarast på utan å komme inn på gradert informasjon. Eg viser difor til svaret mitt på spørsmål nr. 2507 og nr. 3181, om at opplysningar i graderte rapportar frå gjennomførte operasjonar ikkje kan frigjevast.
Eg tolkar spørsmåla frå stortingsrepresentant Fiskaa i samanheng med dei spørsmåla som har vorte reiste i media om tildelinga av Krigskorset til Eirik Kristoffersen. Eg er kjent med at Eirik Kristoffersen vart tildelt Krigskorset med sverd for innsatsen sin i ulike internasjonale operasjonar i Afghanistan i 2007 og 2008. Avdelinga han leia gjennomførte i denne perioden ei lang rekke komplekse og risikofylte operasjonar der Eirik Kristoffersen viste personleg mot og framifrå leiing.
Eg er informert om at Forsvarsdepartementet sitt dekorasjonsråd var kjend med at det kunne ha vore feil person som vart pågripen då forslaget om å dekorere Eirik Kristoffersen vart behandla i 2011. Dekorasjonsrådets vurdering var at dei norske styrkane hadde opptredd korrekt i samsvar med gjennomføringsordre, reglar og prosedyrar for operasjonen. Om det skulle vise seg at vedkommande faktisk var pågripen på grunn av feilaktig etterretningsinformasjon vurderte rådet at dette var noko som låg utanfor dei norske styrkane sitt ansvarsområde og ikkje påverka tildelingsspørsmålet. Operasjonen i september 2007 var berre ein del av grunnlaget for dekoreringa.