Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråden sikre at Vestland held fram ein anbudsprosess som sikrer at det blir satsa på utsleppsfrie hurtigbåter?
Begrunnelse
I dag er det ca. 200 hurtigbåtar i drift i Noreg. Desse ureinar ni gonger meir enn personbilar og fire gonger meir enn fly for kvar transportkilomerter. Omlegging til utsleppsfrie hurtigbåtar er kostnadsrekna til 950-2,3 mrd. i året. Staten har vore tydleg på at det er ønskeleg med ei omlegging til utsleppsfrie båtar. For å nå dei gjeldande anbodsrundar må no eksempelvis Vestland fylkeskommune sende ut anbodspapir før regjeringa er klar med kriterier for subsidiering av anboda. Det kan føre til at VFK venter ein anbodsrunde med å stille krav til utsleppsfrie båtar.