Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:397 (2023-2024)
Innlevert: 10.11.2023
Sendt: 13.11.2023
Besvart: 22.11.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Det kjem ein del henvendelsar frå ulike delar av landet om reglane og føringane kring boligbygging. Det blir vist til distriktsuvenlege argument for avslag på søknader om frådeling av tomter, og også at statsforvaltaren i ulike fylke ser ut for å ha noko ulik praksis når dei handsamar klagesaker.
Har statsråden formeiningar om dette og om korleis ein best skal sikre at kommunane og statsforvaltarane kjenner til og forvaltar reglane til det beste for lokalsamfunna?

Begrunnelse

Eg har eit døme frå Molde kommune der ein søknad om frådeling av ei tomt vart avslått saman med nokre grunngivingar som verkar veldig spesielle. (Det gjeld 453/1 Vølvegen 4.)
Det blir i avslaget vist til merknad frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som skreiv dette: Boligeiendommer uten tilknytning til landbruket, isolert frå annen bustad og viktige funksjoner som skole og butikker, er nevnt som «randbosetting» langs hovedvegene. Denne typen fradeling og boligbygging kan over tid resultere i et utbyggingsmønster i strid med kommuneplanen, mer spredd bosetting langs hovedvegen (…). For den omsøkte boligtomten er det ikke tilrettelagt for trygg ferdsel for myke trafikanter fram til viktige funksjoner som barnehage, skole og butikker. Vi er i utgangspunktet negative til denne typen fradelinger.»
Vidare står det frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

«Tiltaket vil ikkje føre til nedbygging av matjord. Med umiddelbar nærleik til landbruksareal, så er det likevel særs pårekneleg med støv-, støy- og luktutfordringar for framtidige bebuarar.»

Dette er berre utdrag. For dei aller fleste av oss som har vakse opp på landet og/eller bur der, er det jo ikkje sett på som verken uvanleg eller uønskeleg med aktivitet frå bønder rundt oss. Og dersom ein bygger eller kjøper hus rett vel landbruksareal, må ein jo pårekne slik aktivitet, med tilhøyrande støy og lukt til tider. Eg forstår at statsforvaltaren ikkje nødvendigvis ser sjarmen med møkkaspreiing på våren, men eg meiner dette ikkje på nokon måte kan gjerast til eit argument mot at folk skal kunne leva og bu i nærleiken av aktive bønder.
Sidan det er viktig korleis kommunar og statsforvaltarar kjenner til og vurderer reglane og føringane frå regjeringa, er det fint å få ei utgreiing frå statsråden om korleis departementet jobbar med dette temaet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg takkar representant Klinge for spørsmålet.
Regjeringa ønskjer å styrke busettinga i heile landet. Vi ønskjer å leggje til rette for meir bustadbygging i område med liten befolkningstettleik. Regjeringa og eg er opptekne av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom for kommunane. Det inneber at kommunane skal få økt handlefridom når det gjelder kor i kommunen nye bustadar skal kunne byggjast.
Dersom Molde kommune ønskjer å opne for frådeling til bustadformål, kan kommunen mellom anna gi føresegn i kommuneplanen som legg til rette for spreidd bygging i område sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål. Dei folkevalde i kommunane må i sine vurderingar ta heilskaplege omsyn til lokale tilhøve, regionale interesser og ulike nasjonale føringar i til dømes statlege planretningslinjer for samla bustad-, areal-, og transportplanlegging. I dei reviderte statlege planretningslinjene, som skal sendast på høyring i år, vil eg vurdere å leggje betre til rette for bustadbygging i distriktsområde med lågt utbyggingspress, lågt folketal eller negativ befolkningsutvikling. I desse områda ønskjer eg at kommunane skal ha handlefridom når det gjeld kvar i kommunen nye bustader skal byggjast. Retningslinjene skal støtte ei utvikling av levedyktige lokalsamfunn. Både statsforvaltarane og fylkeskommunane skal leggje desse retningslinjene til grunn ved medverknaden til det kommunale planarbeidet.
I grunngivinga til spørsmålet er det vist til ei konkret dispensasjonssak for frådeling av tomt til bustadformål på ein landbrukseigedom i Molde kommune. Når det gjeld saker om frådeling viser eg generelt til at landbruksinteresser skal ha fortrinn i område som er sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål. Det er òg slik at plan- og bygningslova byggjer på eit prinsipp om at arealendringar skal skje ved ein planprosess i kommunen, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar frå vedtekne arealplanar. Bakgrunnen er at dispensasjonar kan gjere ei heilskapleg arealdisponering og samordning av sektorinteresser vanskelegare. Dispensasjon er likevel ein ventil som kan nyttast i særskilde tilfelle der kommunen finn ut at det ligg til rette for det og vilkåra i lova er oppfylt. Statsforvaltaren skal vere varsam med å overprøve avgjerder som ligg til det lokalpolitiske skjønnet, men i enkeltvedtak om dispensasjon etter plan- og bygningslova skal dei likevel bidra til rettstryggleik, likebehandling og at nasjonale og viktige regionale interesser ikkje blir vesentleg tilsidesette. Etter det som er opplyst til departementet er det ikkje treft eit endeleg vedtak frå forvaltinga i den konkrete saka i Molde kommune. Det er derfor ikkje naturleg at eg kommenterer denne saka.