Alfred Jens Bjørlo (V): Kva synes statsråden om at Hå kommune vel å byggje ny skule på matjord i staden for å byggje ny skule på eksisterande skuletomt, og er dette i tråd med regjeringa sin jordvernsstrategi?
Begrunnelse
Hå kommune har i kommuneplanen sin ønska ei flytting av eksisterande skule på Vigrestad til eit område i utkanten av bygda som i dag er matjord. Eksisterande skuletomt har ledig kommunalt areal tilgrensande til å kunne byggje ny skule i tråd med ønska der. Fylkesutvalet i Rogaland fatta 14. februar 2023 vedtak om motsegn på den nye skuletomta.
18. august vart det gjennomført mekling. Hå kommune delegasjonen sin vart leia av tidlegare Hå-ordførar Jonas Skrettingland (Krf) og tidlegare Hå-varaordførar Svein Høyland (Sp). Rogaland fylkeskommune delegasjonen sin vart leia av tidlegare fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (Sp). I meklinga valde fylkeskommunen å trekke motsegna.
Regjeringa la nyleg fram ein ny nasjonal jordvernsstrategi som Stortinget handsama i juni i år. Denne strategien inneheld eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet.
Eksisterande skuletomt ligg godt i forhold til noverande elevmasse i bustadområda i Vigrestad. Det vil vere berekraftig å gjenbruka eksisterande tomt utan at dagens landbruksjord blir nytta til utbygging. Den nye skuletomta vil også medføre nedbygging av landbruksjord for å etablere nytt vegsamband.