Skriftlig spørsmål fra Lan Marie Nguyen Berg (MDG) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:417 (2023-2024)
Innlevert: 13.11.2023
Sendt: 13.11.2023
Besvart: 21.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Lan Marie Nguyen Berg (MDG)

Spørsmål

Lan Marie Nguyen Berg (MDG): I dag er det UDI som har ansvar for enslig mindreårig asylsøkere mellom 15 og 18 år, mens barnevernet har omsorgen for de under 15. Det foreligger ingen objektive vurderinger for skillet. Norsk institutt for menneskerettigheter mener det bryter Barnekonvensjonen. Forskning viser at å gi ansvaret til barnevernet kan gi bedre rettssikkerhet og omsorg.
Vil barneministeren ta initiativ til å fjerne den grunnløse diskrimineringen av asylbarn og gi barnevernet ansvar for alle asylbarn som kommer alene til Norge?

Begrunnelse

432 enslige mindreårige asylsøkere har forsvunnet de siste åtte årene uten at noen leter skikkelig etter dem. I dag er det Utlendingsdirektoratet som har ansvar for enslige mindreårige asylsøkere mellom 15 og 18 år. Det foreligger ingen objektive vurderinger for å diskriminere barn over 15, og nekte dem retten de har til omsorg gjennom barnevernet. Forskning viser også at å gi ansvaret til barnevernet kan bedre rettssikkerheten og omsorgen for asylbarna. Redd Barna, Press og NOAS som har jobbet med asylbarn som kommer alene og barn som forsvinner, peker for eksempel på at forhold på mottakene ikke er gode nok.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Alle barn i Noreg har rett på likeverdig omsorg, uavhengig av alderen og opphaldsstatusen til barnet. Barnekonvensjonen, som spørsmålsstillaren viser til, stadfestar plikta statane har til å gi barn som søkjer asyl, vern og humanitær hjelp. Ei vurdering av ikkje-diskrimineringsprinsippet inngår i vurderinga av omsorga for barna. I praksis inneber dette at barnekonvensjonen stiller krav til statane om at tilbodet skal vere fagleg forsvarleg, konvensjonen spesifiserer ikkje kva dette inneber. FN sin barnekomité har i samband med ikkje-diskrimineringsprinsippet uttalt at flyktningbarn har ein juridisk rett til helsetenester, omsorg og utdanning. Dette får alle einslege mindreårige asylsøkjarar under 18 år i Noreg. Representanten Berg viser til Norsk institutt for menneskerettigheter (NIM) som meiner at å ha eit ulikt bu- og omsorgstilbod for einslege mindreårige under og over 15 år, bryt med FN sin barnekonvensjon. Eg meiner at det ikkje treng vera diskriminering etter barnekonvensjonen dersom ulik behandling kan grunngjevast i ulike omsorgsbehov eller andre legitime formål. Yngre barn treng normalt meir oppfølging enn eldre barn, og slik er det også for einslege mindreårige som har søkt vern. Men omsorga som blir tilboden einslege mindreårige over 15 år må vere tilpassa behova til denne gruppa. Regjeringa innførte i fjor eit statleg tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Dette skal vareta rettstryggleiken til ungdommane og bidra til ein kontroll av at einslege mindreårige asylsøkjarar får forsvarleg oppfølging.
Eg er godt kjent med at fleire har tilrådd ei overføring av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år til barnevernet. Det vart sist foreslått i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker framtid. Som utvalet og peikar på, har det skjedd endringar i lovverket dei siste åra, mottaka er betre rigga og ansvaret til utlendingsstyresmakta for å gje forsvarleg omsorg er gjort tydeleg. Like fullt meiner utvalet at det er eit behov for at det blir etablert eit likeverdig tilbod for alle barn slik at et bu- og omsorgstilbod under barnevernet må gjelda for alle einslege mindreårige asylsøkjarar under 18 år. Eg meiner debatten er viktig og vil derfor sjå nærare på saka når vi nå vurderer anbefalingane i denne utgreiinga. Det viktige er at alle einslege mindreårige som kjem til Noreg skal ha eit trygt og forsvarleg bu- og omsorgstilbod tilpassa barnet sitt behov.