Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:423 (2023-2024) Innlevert: 13.11.2023 Sendt: 14.11.2023 Besvart: 20.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Helge André Njåstad (FrP): Har staten tenkt å bidra økonomisk til fylkeskommunane som opplever utfordringer med gjenverande biler slik at kapasiteten auker og dei reisande ikkje opplever å måtte stå igjen?
Gratis ferger har fungert ei tid nå. Fleire opplever utfordringer med gjenverande biler på grunn av auka behov.
Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har lagt til rette for å kunne innføre gratis ferjer og reduserte takstar på ei rekke ferjesamband, i tråd med målsettinga i Hurdalsplattforma. Fylkeskommunane vert tilført midlar slik at dei kan gjennomføre tiltaka.Mellom dei ferjesambanda som er gratis varierer trafikkutviklinga stort. Medan enkelte samband har hatt ein stor trafikkvekst og auke i attståande køyretøy, viser statistikken i ferjedatabanken samstundes liten endring på fleire av sambanda. På enkelte av sambanda har også trafikken gått ned samanlikna med første halvår i 2022. Kva den varige effekten blir av tiltaka innanfor takstsystemet, er framleis hefta med uvisse. Statens vegvesen opplyser om at tidlegare studiar viser at etterspurnaden etter ferjereiser har låg priselastisitet. Trafikkmengda på eit samband blir nytta til å berekne ferjekriteriet i inntektssystemet for fylkeskommunane. Ved berekning av dette kriteriet blir samband plassert i ulike sambandsklassar, basert på talet på frakta personbileiningar (PBE). Dersom auka trafikk gir endring av sambandsklasse, vil kostnadsberekninga i ferjekriteriet auke, og fylket får auka tilskot. Auka trafikk på eit samband kan dermed føre til at fylket får tildelt meir midlar til sambandet. Ferjekriteriet blir nytta til å fordele ei gitt ramme, og auka tilskot til ein fylkeskommune vil redusere tilskotet til resten. Statistikk frå Statens vegvesen viser at utfordringa med gjenståande køyretøy er sesongavhengig og at problemet er størst i sommarmånadene. Ordningar som til dømes fortrinn for dagpendlarar har kunna sikre føreseielegheit for lokalbefolkning der det har vore innført.