Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:426 (2023-2024)
Innlevert: 13.11.2023
Sendt: 14.11.2023
Besvart: 20.11.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden med ansvar for integrering stå hardere på overfor statsforvalterne at de må fremme færre innsigelser og lar kommunene få bygge flere boliger?

Begrunnelse

Kommunene oppgir boligmangel som en stor utfordring for å klare å ta imot flyktninger. Samtidig som dette skjer opplever norske kommuner som ønsker å regulere boliger at nettopp staten gjennom statsforvalterne fremmer innsigelser og forsinker boligbyggingen.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunane har ei rekke oppgåver etter plan- og bygningslova. Dei skal legge til rette for verdiskaping, næringsutvikling og tilstrekkeleg bustadbygging, men også sikre jordressursane, legge til rette for god forming av bygde omgjevnader, gode bustadmiljø og gode oppvekst- og levevilkår. Dei skal ta klimaomsyn og fremme samfunnstryggleik.
Statlege og regionale etatar kan fremme motsegn til kommunale arealplanar som kjem i konflikt med nasjonale og vesentlege regionale interesser.
Eg meiner at kommunane har ei svært viktig oppgåve i å utvikle gode lokalsamfunn og balansere omsyna som skal ivaretakast i arealplanlegginga. I ei tid der behovet for bustader til flyktningar er stort, er det viktig at kommunane vurderer behovet for nye bustader og legg til rette for dette i nødvendig utstrekning i si planlegging.
Det er viktig å understreke at statlege og regionale styresmakter har ei viktig rolle i å tilby rettleiing ovanfor kommunane. Tidleg dialog mellom kommunane og statlege og regionale styresmakter kan bidra til at ny utbygging ikkje kjem i konflikt med nasjonale og viktige regionale interesser. Statsforvaltaren og andre statlege etatar har gjennom «rundskriv om innsigelser til planer etter plan- og bygningsloven H-2/14» og tildelingsbrev fått tydelege signal om å bidra aktivt i kommunale planprosessar, og berre fremme motsegn når det er naudsynt av omsyn til nasjonale og viktige regionale interesser. Eg har tiltru til at dei følgjer opp dette og at statsforvaltaren bidrar til å samordne statlege interesser og motsegner i konkrete plansaker.