Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:480 (2023-2024) Innlevert: 19.11.2023 Sendt: 20.11.2023 Besvart: 27.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Alfred Jens Bjørlo (V): Er næringsministeren uroa for utviklinga i byggebransjen med sterk vekst i konkursar og svake prognoser for nybyggmarknaden, og er ministeren samd i at rask implementering av EU sitt direktiv om energieffektivisering av hus kan vere eit godt virkemiddel for raskt å utløyse større aktivitet innanfor energioppgradering av norske bustader, noko som både vil vere viktig for byggebransjen og kunne bidra sterkt til å nå måla sett av Energikommisjonen for å frigjere kapasitet i straumnettet fram mot 2030?
Jan Christian Vestre: Eg takker for spørsmålet. Bygg- og anleggsnæringa er viktig i norsk økonomi og er representert i alle delar av landet. Vi er avhengig av ei velfungerande byggje- og anleggsnæring som byggjer og held ved like bygg og infrastruktur på ein effektiv og berekraftig måte etter behova i samfunnet. Det blir meldt om auka utfordringar i næringa, men arbeidsløysa held seg framleis låg i Noreg.Ved utgangen av oktober var 1,8 pst. av arbeidsstyrken registrert som heilt arbeidsledige ifølgje NAV. For bygg og anlegg var talet 2,3 pst. Det var registrert 951 permitterte frå byggje- og anleggsarbeid. Det er litt mindre enn for industrien. Det er ifølgje SBB sine tal for opne konkursar førebels ikkje registrert store endringar i bygg og anlegg, sjølv om vi ser ein viss auke dei siste månadene.Eg er oppteken av å ha god kontakt med næringa. I samarbeid med arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna hadde eg mellom anna eit lytte- og dialogmøte med partane i arbeidslivet og representantar frå bygg- og anleggsnæringa torsdag 26. oktober 2023. Eg har også så seint som 16. november i år hatt eit nytt møte med BAE-rådet (Rådet for bygg, anlegg og eiendom), som er eit felles organ for næringa.Eg er oppteken av å ha god kontakt med næringa. Eg har stor forståing for at delar av næringa opplever situasjonen som krevjande og særs for dei som blir direkte ramma. Vi må samtidig tru på at den vanskelege situasjonen no gradvis vil snu til det betre.Dei siste to åra har vore prega av ein prisvekst høgt over Noregs Banks inflasjonsmål. Dette har føre med seg at renta har vorte sett opp 13 gonger. Høgare renter og auka materialprisar er med på å påverke aktiviteten i næringa. Det påverkar mellom anna igangsetjinga av nye bustadprosjekt som ikkje har vore lågare sidan finanskrisa. Regjeringas viktigaste jobb er trygg og økonomisk ansvarleg styring. Det er viktig å bevare det gode utgangspunktet Noreg har, med låg arbeidsløyse og mange i jobb, samstundes som vi bidreg med at prisveksten blir dempa og dermed at folk si kjøpekraft blir betre. Derfor har regjeringa lagt fram eit ansvarleg budsjett for å tryggja folk sin økonomi og moglegheiter for bedriftene i heile landet.I budsjettforslaget frå regjeringa for 2024 er det tiltak som bidrar til aktivitet i byggjenæringa, slik som til dømes satsing på energieffektivisering. Vi bidrar også til grøn omstilling gjennom offentlege innkjøp. Vi skjerpar mellom anna krava for å vareta klima- og miljøomsyn ved offentlege innkjøp, slik at det offentlege må leggja mykje større vekt på dette. Endringane inneber at klima- og miljøomsyn som hovudregel må vektast med minimum tretti prosent i offentlege innkjøp, i tråd med kva regjeringa varsla i Hurdalsplattforma. Vi har sett i gang eit klimapartnarskap med bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa. Det er støtteordningar innanfor verkemiddelapparatet som er aktuelle for næringa. Regjeringa foreslår ei låneramme på 24 mrd. kroner til Husbanken. Satsing på samferdsel gir oppdragsmoglegheiter for bygg- og anleggsnæringa og samferdselsbudsjettet for 2024 er historisk høgt.Olje- og energiministeren viser til at regjeringa i haust har lagt fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og planen inneheld ei rekkje tiltak retta mot bygg. Mellom anna foreslår regjeringa å stille krav knytt til nytting av overskotsvarme, krav til energikartlegging i føretak med eit stort energiforbruk, og vi vil stille krav til energieffektivitet i statlege innkjøp og anbod. Nye statlege byggjeprosjekt skal som hovudregel planleggast og gjennomførast med ein energistandard som minimum held passivhusstandard. I statsbudsjettet for 2024 har regjeringa òg foreslått å styrkja Enova sitt arbeid med energieffektivisering med 180 millionar kroner. Midlane skal bidra til å styrkja Enova si satsing på energieffektivitet mellom anna i bygg. Vidare har regjeringa foreslått å føre vidare og styrkja Husbankens tilskotsordning til energitiltak i kommunale bygg til 300 millionar kroner.Olje- og energiministeren viser óg til at EU sitt bygningsenergidirektiv frå 2010 er innlemma i EØS-avtalen, jf. Prop. 96 LS (2022–2023), og regjeringa sende nyleg forslag til endringar ienergimerkeforskrifta for bygningar på høyring som vil realisere direktivet i norsk rett. Endringane inneber justeringar i pliktene og krava til energimerking av bygningar og energivurdering av tekniske anlegg. EU-kommisjonen sitt forslag til nytt bygningsenergidirektiv er ikkje avklart i EU. EU-parlamentet og Rådet forhandlar no om forslaget og skal bli samde om korleis det endelege direktivet skal sjå ut. Når EU gjer endeleg vedtak om nytt bygningsenergidirektiv, vil vi gjere ei vurdering av EØS-relevansen til direktivet, og eventuelle behov for norske tilpassingar.