Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:505 (2023-2024)
Innlevert: 22.11.2023
Sendt: 22.11.2023
Besvart: 29.11.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Har forsvarsministeren bestemt seg for kor mange stillingar knytt til vakthald, sikring og støttefunksjonar som skal vera på Andøya flystasjon etter sommaren, og viss svaret er nei, når vil forsvarsministeren bestemma seg?

Begrunnelse

Dei forsvarstilsette på Andøya flystasjon har framleis ikkje fått ei avklaring på kva funksjonar og stillingar som blir igjen frå sommaren av. Eg er gjort kjent med at personell no søker seg vekk, og at det er stor risiko for at det ikkje er tilsette igjen dersom avgjerda ikkje kjem før jul.
For at Forsvaret framleis skal kunna ha aktivitet på Andøya, inkludert mottak av allierte, og for å dekka Andøya Space sine behov, trengst det militært vakthald og sikring med teknisk støttepersonell og støttefunksjonar. No når personell har begynt å søka anna arbeid, vil Forsvaret mista denne kompetansen, og det vil bli vanskeleg å bygga opp kompetansen på nytt.
Dersom forsvarsministeren meiner at det ikkje trengst militært vakthald og sikring er det i så fall på tide at det blir gjort kjent for dei tilsette.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Regjeringa har stor merksemd på Andøya, omstillinga og ivaretakinga av personellet.
Gjennom Meld. St. 10 (2021-2022) la regjeringa til grunn ein høgare ambisjon for Andøya enn det som ligg i gjeldande langtidsplan, spesielt når det gjeld evna til alliert mottak og øving av luftstyrkar. Gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023 konkretiserte regjeringa tiltak for å vidareføre spesialiserte militære støttefunksjonar, starte innkjøp av støttemateriell, etablere evne i Luftforsvaret for operativ vertslandstøtte og starte arbeidet med å kunne frigi areal for å leggje til rette for sivile næringsformål. Gjennom Prop. 1 S (2023–2024) har regjeringa følgt opp vedtaket i revidert nasjonalbudsjett. Forsvaret har fått oppdrag om å iverksette desse tiltaka.
Den vidare drifta av Andøya lufthamn vil bli tatt hand om av Avinor. Forsvaret har tidlegare fått i oppdrag å støtte Avinor med flyplassdrift i overgangsfasen.
Endringane gir også andre utfordringar med tanke på sikring av samfunnsviktige objekt og handsaming av Forsvarets ansvar. Det arbeidast med å utvikle eit sikringskonsept som vil handtere alle samfunnsviktige funksjonar og leggje grunnlaget for å vidareføra og utvikle aktivitet. Sentralt står vurderingar av utforming av sikringstiltak, vidareføring av militært område og behov for militært vakthald. Eg vil komme attende til dette når vurderingane er ferdige.
Det samla ambisjonsnivået for framtidig militært nærvær på Andøya vil vurderast som ein del av langtidsplanarbeidet. Dette gjeld også korleis ein styrkjer evna til alliert mottak, og korleis Norge kan styrkje nasjonale militære evner som til dømes dronar, satellittbaserte tenester og annet sivil-militært samarbeid.
Regjeringa vil leggje fram den neste langtidsplanen for Stortinget i 2024.