Ove Trellevik (H): Kva betydning meiner statsråden EUs vanndirektiv og Minamata-konvensjonen har for handteringa av sjølve kvikksølvet ifm. U-864?
Begrunnelse
Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. Regjeringa skriv i svaret sitt 20.10.2023 på det skriftlege spørsmål mitt at:
«Det vil bli lagt fram forslag til vidare handtering av ubåtvraket og kvikksølvforureininga for Stortinget så snart som mogeleg etter at regjeringa har treft si avgjerd, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024».
Minamata-konvensjonen er ein global avtale som har til hensikt å verna helse og miljø mot kvikksølvforureining. Konvensjonen tredde i kraft i 2017, og 147 land har slutta seg til avtalen. Noreg regulerte tidleg bruk og utslepp av kvikksølv og var ein sterk pådrivar for etablering av avtalen. Regjeringa har også innsett at vassforskrifta ikkje harmoniserer med vassdirektivet. Ein høyring er gjennomført av KLD. Vassdirektivet er krystallklar på «Protect, Preserve and Improve». Det er såleis forbode å forringe vassførekomstane.