Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:523 (2023-2024) Innlevert: 24.11.2023 Sendt: 24.11.2023 Besvart: 01.12.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
Lan Marie Nguyen Berg (MDG): Et flertall i Sandefjords planutvalg har sagt seg positiv til utredning av “Lillebyparken”, en foreslått fornøyelsespark som vil ødelegge flere hundre dekar med dyrkbar mark og annen natur. Regjeringen sier at de skal ha en streng jordvernspolitikk og har allerede satt ned foten for IKEA-kjøpesenteret på Vestby av hensyn til selvforsyning og matproduksjon. Mener regjeringen det er klokt å bygge ned viktig matjord for å lage en fornøyelsespark, og vil regjeringen foreta seg noe i denne saken for å verne matjord?
Geir Pollestad: Dette er ei sak som er i ei tidleg fase i kommunen, og som kommunen må få moglegheit til å handsame på ein grundig måte. Sandefjord kommune har her ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på den dyrka og dyrkbare jorda, fordi det er dei som er den lokale planstyresmakta, og i hovudsak avgjer arealbruken i kommunen. Eg kan ikkje gå inn i denne saka no, men det er viktig for meg å følgje med på kva kommunane gjer i slike saker, mellom anna for å sjå på kva for tiltak me må gjere for å nå målet i den nye nasjonale jordvernstrategien. Statsforvaltaren har ei viktig oppgåve med å vareta jordvernet i denne typen saker. Eg reknar med at Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gjer ei god vurdering og i denne saka.Den nye jordvernstrategien blei vedteken av Stortinget 15. juni i år, med eit nytt og skjerpa mål, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar pr år (ned frå 3 000 dekar), og at målet skal bli nådd innan 2030. Eg meiner at dette både er eit ambisiøst og realistisk mål som vi må nå. Om me skal nå jordvernmålet, må kommunane føre ein strengare jordvernpolitikk, og unngå utbygging på dyrka og dyrkbar mark som ikkje er heilt nødvendig ut frå sterke samfunnsomsyn. Eg vil derfor oppmode kommunepolitikarane i Sandefjord kommune og andre kommunar om å sjå grundig på denne type saker, slik at ein bygger ned minst mogleg dyrka og dyrkbar jord.