Sveinung Rotevatn (V): Kva endra seg i dei faktiske forhold for offshorenæringa mellom fredag 1. desember og laurdag 2. desember som gjorde at regjeringa endra syn på behovet for tapsavsetning knytt til moglege tap under Alminneleg garantiordning i Eksfin?
Begrunnelse
I Prop. 117 S (2019-2020) vart det løyvd 10 mrd. kroner til å dekke moglege tap under Alminneleg garantiordning i Eksfin (tidl. GIEK). Dette var særleg knytt til dystre utsikter for fleire større engasjement innan offshore.
I ulike budsjettdokument som har blitt lagt fram for Stortinget sidan den gong har det ikkje blitt gitt informasjon om at denne risikovurderinga har endra seg. Seinast i Prop. 30. S (2023-2024) (Nysalderinga) som vart fremma i statsråd 1. desember stod det ingenting om eventuelle endringar i dei faktiske forhold som skulle tilseie at denne tapsavsetninga kan reduserast for inneverande år.
Dagen etterpå, laurdag 2. desember kl. 20.29, sendte leiar i Stortingets finanskomite, Eigil Knutsen ein e-post til finansdepartementet sitt postmottak, med spørsmål om kva som er status for risikoen i den aktuelle porteføljen. Kl. 23.07 same kveld kunne statssekretær Ellen Reitan i ein e-post opplyse om følgjande:
"Markedsforholdene og utviklingen i bransjene som Eksfin er eksponert overfor har bedret seg betraktelig det siste året. Resultatet av Eksfins tapsbegrensende arbeid har vært vesentlig bedre enn det var forventet å ville bli for bare få år siden. Et oppdatert anslag fra departementet, hvor det blant annet er tatt hensyn til utviklingen i risikoen i porteføljen til Eksfin, tilsier at denne tapsavsetningen kan reduseres med 7-9 mrd. kroner."
Nysalderinga av budsjettet skal gi Stortinget oppdatert informasjon rundt dei løyvingane som er gjort i budsjettet, og er staden der eventuelle justeringar skal gjerast dersom det er mindrebehov samanlikna med vedteke budsjett. Informasjonen og anslaga skal vere det mest oppdaterte departementet sit med.
Det er ønskeleg å høyre finansministeren gjere greie for kva for nokon av endringane statssekretær Reitan viser til i sin e-post til leiaren i Stortingets finanskomité som departementet vart gjort merksame på i tidsperioden mellom fredag 1. desember og laurdag 2. desember. Det er særleg interessant å vite når finansdepartementet vart gjort kjent med den positive marknadsendringa i den aktuelle bransjen det blir vist til, når ein vart gjort kjent med dei positive resultata av Eksfin sitt tapsavgrensande arbeid, og når det oppdaterte anslaget vart gjennomført i departementet.