Sveinung Rotevatn (V): På kva måte planlegger Statnett ei dimensjonering av kraftnettet som tar høgde for at Noreg kan nå klimamåla?
Begrunnelse
I oktober varsla Elvia i ei pressemelding at straumnettet i Oslo, Østfold og Akershus ikkje vil ha rom for at nye, større bedrifter koplar seg på nettet før i 2030-2035. Dette skjedde på bakgrunn av at Statnett sendte eit brev til Elvia, der dei varslar at det no er fullt i transmisjonsnettet.
Omlegging frå fossil energi til bruk av fornybar energi er ein sentral del av arbeidet med å nå klimamåla. Ikkje minst vil regjeringa sitt "omstillingsmål" om 55 prosent klimakutt nasjonalt før 2030, inkludert i kvotepliktig sektor, fordre storstilt elektrifisering av industriproduksjon. Då skulle ein jo tru at utbygginga av kraftnettet vart planlagt nettopp med dette for auget.
I ein NRK-artikkel 6. desember uttalar ein talsperson for Statnett:
"Utfordringen er at skiftet har skjedd veldig fort. Det er enormt mange som ønsker å konvertere til elektrisitet fra andre brensler (...) Dette har skjedd veldig plutselig i løpet av de siste fire årene, og det har vi ikke vært forberedt på".
Dersom det stemmer at Statnett ikkje er førebudde på den omlegginga som regjeringa sjølve har satt som mål, er dette svært alvorleg. Spørsmålet blir kva regjeringa har gjort for å sørgje for at Statnett no dimensjonerer kraftnettet på ein måte som gjer at vi når klimamåla.