Alfred Jens Bjørlo (V): Fjaler kommune i Vestland har utvikla industriområdet Lutelandet på 1 000 mål med djupvasskai samlokalisert med eit vindkraftverk. Det er bygd ut linjekapasitet og vindkraftverket leverer straum inn på nettet, men industriområdet kan ikkje bli tatt i bruk fordi Statnett seier nei til å koble industriprosjekt på Lutelandet på nettet.
Kva vil statsråden gjere for å løyse situasjonen for ein kommune som har tatt ansvar for å bygge ut meir fornybar kraft, ein situasjon som også kan bremse viljen andre stader til å bygge ut ny kraft?
Begrunnelse
Då Lutelandet vindkraftverk vart utvikla og opna i 2022, var det med ein klar føresetnad om at vindparken skulle vere med å danne grunnlaget for industriell utvikling på Lutelandet. Storleiken og plasseringa av dette industriområdet er unikt: 1000 mål ferdig opparbeidd industriareal med ei av Europas største djupvasskaier rett ut mot Nordsjøen og nær både norsk og britisk sokkel.
Selskapet Lutelandet Offshore og Fjaler kommune har jobba langsiktig for å få på plass store og langsiktige industrielle aktørar på området, og det ligg no føre konkrete planer om ny grøn industri på området.
Selskapet Blastr Green Steel ønskjer å etablere ein stålpelletsfabrikk, som skal inngå i ei europeisk verdikjede for produksjon av grønt stål med ny teknologi og store klimakutt, og som treng 130 tilsette i primærdrifta og opp mot like mange i støttefunksjonar.
Bue Salmon, som allereie har eitt landbasert oppdrettsanlegg på Bulandet, ønskjer å utvide drifta med eit landbasert anlegg på Lutelandet med 30-40 arbeidsplassar.
Begge bedriftene har søkt om å få koble seg på straumnettet med sine bedriftsetableringar, men fekk sist veke nei frå Statnett. For Blastr sin del betyr det at deira store grøne industrietablering truleg no blir gjort utanfor Noregs grenser.
Lutelandet er også blinka ut av Vestland fylkeskommune som ein av dei prioriterte grøne hubane i «Grøn Region Vestland», på grunn av dei unike kvalitetane ved området og kombinasjonen av produksjon av rein fornybar energi og grøn industriutvikling.