Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:656 (2023-2024)
Innlevert: 10.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Besvart: 14.12.2023 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Miljødirektoratet sende i juni 2023 over til Klima- og miljødepartementet tilråding om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn i Vestland fylke i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltarn. Forslaget har brei støtte frå mellom anna berørte kommuner og bygder, og frå fiskerinæringa i Nordfjord.
Når kan ein vente avgjerd i Klima- og miljødepartementet om etablering av Stad marine verneområde i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet?

Begrunnelse

Det føreslegne marine verneområdet Stad er eitt av dei 36 områda som "Rådgivende utvalg for marin verneplan" allereie i 2003 og 2004 tilrådde tatt med i første fase av marin verneplan.
Etter dette er dei internasjonale måla om vern av havområde betydeleg skjerpa. På partsmøtet under CBD (Konvensjonen om biologisk mangfald) i desember 2022, vart det semje om eit nytt globalt rammeverk og mål om at 30 prosent av verdens hav skal vernast eller bevarast. I dag er berre 4,5 % av det norske sjøarealet innanfor territorialgrensa verna.
Det føreslegne marine verneområdet Stad har naturverdiar som gjer at vern vil bidra til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål om vern, og bidra til representativ bevaring av kystområde og territorialfarvatn. Stad er ein særs god representant for dei mest eksponerte delane av kysten. Farvatnet er delvis grunt, og har særeigne bølgjetilhøve på noko av den mest vêrharde kysten i Noreg, der landskap og mangfald ber preg av det.
Mykje av det særprega biologiske mangfaldet i havområda rundt Stad er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, spesielle kalkalgar og store areal med tareskog. Området er eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Det er registrert nasjonalt verdifull stortareskog og det er kartfesta raudlista artar som djupvasskorallen augekorall. Videre inneheld området blautbotnområde og ålegrasenger.
Området kring Stad inneheld også førekomstar av sokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.
Føremålet med vern av området er å ta vare på eit spesielt kystområde med trua, sjeldan og sårbar natur med eit rikt dyreliv, og som representerer naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som studieområde for forsking og overvaking, medrekna referanseområde for å kunne studere effektar av tarehausting.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Det foreslåtte marine verneområdet «Stad» ligger i kommunene Stad og Kinn, i Vestland fylke. Området har betydelige naturverdier i form av bl.a. koraller og tareskog, som er viktig både for lagring av karbon og som oppvekstområde for en rekke marine arter.
«Stad» var blant de 36 kandidatområdene for marint vern som ble identifisert av det rådgivende utvalget for marin verneplan, som la frem sin endelige tilrådning i 2004.18 av disse områdene er hittil vernet. Å fullføre verneprosessene for de resterende kandidatområdene er en viktig og prioritert oppgave. Det er et nasjonalt mål å bevare et representativt utvalg av norsk natur for fremtidige generasjoner. Arbeidet er også viktig som bidrag til å oppfylle den internasjonale målsettingen om å bevare minst 30 prosent av verdens havområder innen 2030, i tråd med det globale rammeverket for natur (Naturavtalen) som ble vedtatt i Montreal i desember 2022.
Vedtak om vern av områder er basert på grundige og inkluderende prosesser, der berørte interesser involveres gjennom flere trinn i prosessen. Verneprosessene kan dermed ta noe tid. Robuste prosesser er samtidig avgjørende for å sikre et langsiktig og effektivt vern av naturverdiene, der verneområdet i etterkant blir forvaltet på en god måte.
Verneprosessen for «Stad» startet i 2017, og forslaget var på alminnelig høring i 2022. Miljødirektoratets tilrådning i saken ble oversendt Klima- og miljødepartementet 29. juni 2023. Saken behandles nå i departementet. Endelig vedtak om vern gjøres av Kongen i statsråd.