Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:665 (2023-2024)
Innlevert: 11.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Besvart: 18.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når vil statsråden sette i gang forsøk innenfor kommunesektoren innenfor frikommuneprosjektet?

Begrunnelse

Departementet fikk inn 87 søknader fra kommuner og fylker om forsøk i frikommuneprosjektet. Det viser en bredde og stort engasjement i kommunesektoren på nytenking. Det er viktig at det holdes fremdrift i prosjektet slik at aktuelle forsøk kan prøves ut.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg er samd i at dei søknadane vi har fått viser engasjement og nytenking frå kommunesektoren. Forsøk inneber at ein får unnatak frå konkrete føresegner i lov eller forskrift. Departementet har fått søknadar om unnatak frå konkrete føresegner, og søknadar som er svært generelle og som gjeld fleire saksforhold utan at det står kva for unnatak kommunen ønskjer. Det er også nokre søknadar som ikkje kan gjennomførast på grunn av rammene som følgjer av forsøksregelverket.
Departementet vurderer no, i samarbeid med ulike fagdepartement, kva for søknadar som er aktuelle for forsøk. Målet er å få til forsøk som utviklar forvaltninga, og som kan føre med seg erfaringar som er relevante for heile kommunesektoren. Forsøksordninga er ein del av regjeringa si tillitsreform, og eg ønskjer forsøk som støtter opp under måla i reforma.
For dei søknadane som blir valt ut, kan departementa gi rettleiing til søkjarkommunane om konkretisering av forsøket fram mot endeleg søknad. Det skal òg leggjast til rette for involvering av tilsette og fagorganisasjonar lokalt. Endeleg søknad om forsøk etter forsøkslova, skal konkretiserast i lokal forskrift som kommunestyret eller fylkestinget vedtek. Til slutt krevst godkjenning av Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid med aktuelt fagdepartement. Godkjenning av forsøk etter anna forsøksregelverk skjer etter eigne prosessar i aktuelt fagdepartement. Endelege søknadar skal etter planen sendast til departementet for godkjenning innan 1. april 2024.