Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:683 (2023-2024) Innlevert: 12.12.2023 Sendt: 12.12.2023 Besvart: 19.12.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Ingrid Fiskaa (SV): I følgje Dagens Næringsliv har det statlege våpenselskapet Nammo innhenta ei trusselvurdering fra eit konsulentselskap der ei rekkje palestina-aktivistar er namngitt og kartlagt. Datatilsynet peikar på at bedrifter ikkje har lov til å innhenta eller lagra personopplysningar for slike formål, sjølv om dei stammar frå opne kjelder på internett. I Noreg er det PST som skal føreta trusselvurderingar.Kva meiner næringsministeren om at Nammo gjer trusselvurderingar og lagrar persondata på denne måten?
Jan Christian Vestre: I eigarskapsmeldinga, Meld. St. 6 (2022–2023) Eit grønare og meir aktivt statleg eigarskap – Den direkte eigarskapen til staten i selskap, gjer regjeringa greie for kvifor staten er eigar i selskapa og mål med eigarskapet i selskapa, og dessutan for forventningane staten har til selskapa og korleis staten som eigar følgjer opp selskapa - inkludert rollefordelinga mellom eigar, styret og dagleg leiar. Det er styret og dagleg leiar som har ansvaret for at selskapet drives innanfor gjeldande lover og reglar. Staten som eigar forventar at selskapa respekterer menneskerettar og arbeidstakarrettar og er leiande i dette arbeidet. Staten forventar at styret og administrasjonen arbeider aktivt med forventningane til staten. Nærings- og fiskeridepartementet nyttar eigardialogen aktivt og tek opp forhold, stiller spørsmål og formidlar synspunkt som er innspel selskapsleiinga kan vurdera i tilknyting til verksemda og utviklinga i selskapet. Staten som eigar er i eigardialogen mellom anna også oppteke av at selskapet sikrar datanettverka sine og produksjonsfasilitetar og dessutan at dei har dialog med relevante styresmakter om dette.Elles forventar eg at alle selskap i Noreg følger norsk lov, uavhengig av eigarskap.