Grunde Almeland (V): I brev av 11/5-23 skriv Justisdepartementet til KDD at NSM i planlagde nye lokale på Fornebu har «..en opsjon på tilleggsarealer, og det foreligger nå en situasjon hvor det er aktuelt å utløse denne». Departementet skriv vidare at «en tiltredelse vil innebære en økning av husleie og felleskostnader med 11,5 mill. kr årlig».
Var den omtalte situasjonen som låg føre den planlagde etableringa av ein etat for eksportkontroll, som kort tid etter vart lokalisert her fordi det kunne gjerast utan å auke statens samla leigeutgifter?
Begrunnelse
Kjelde for dei to sitata frå brevet frå Justisdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet er reportasje i Bergens Tidende 13. desember 2023.
Kjelde for opplysinga om at lokalisering av den nye etaten i NSM sine nye lokale på Fornebu er utanriksministeren sitt svar på skriftleg spørsmål frå representanten Helge André Njåstad (Dokument 15:538 (2023-2024)).