Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:718 (2023-2024)
Innlevert: 15.12.2023
Sendt: 15.12.2023
Besvart: 21.12.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Familieråd har vist seg å være et godt tiltak i barneverntjenesten, med mange positive resultater hos barna og familiene.
Mener statsråden at Familieråd burde benyttes oftere som et tiltak i barneverntjenesten som et forebyggende tiltak til omsorgsovertagelser og eventuelle plasseringer i barnets nettverk?

Begrunnelse

Familieråd er en nettverks- og medvirkningsmodell der familie, slekt og venner samles med ulike tjenester for å finne løsninger. Familieråd tilbys gjennom ulike kommunale tjenester eller som et barnevernstiltak. Initiativtaker til et familieråd kan både være barn og familier selv, eller ansatte i ulike tjenester i oppvekstsektoren og barnevernet. Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av familierådskoordinatorer. Aktuelle koordinatorer gjennomgår grunnopplæring i familierådsmodellen. I etterkant av opplæringen, så inngår «godkjente» familierådkoordinatorer en samarbeidsavtale med Bufetat. Avtalen regulerer gjensidige forpliktelser, blant annet at familierådskoordinatorer må delta på gruppeveiledning. Det er denne koordinatoren som hjelper til med planleggingen og gjennomføringen av familierådet. Koordinator har som oppgave å informere og besøke familie/ slekt, venner og andre viktige personer, dvs. de som skal være med på familierådet.
Ulempen med familieråd er at det er en ganske stor kostnad for kommunen og barneverntjenesten å benytte seg av. Utgifter til familieråd er lønnsutgifter til familierådskoordinator, i tillegg til noen utgifter til bevertning mm. I snitt benytter en familierådskoordinator ca. 25 timer på planlegging og gjennomføring av et familieråd, men dette kan variere mellom 15-35 timer. Et oppfølgende familieråd gjennomføres på mellom 5-10 timer. Et familieråd koster vanligvis mellom 10 000 og 20 000. 
I Hurdalsplattformen står det: «Regjeringa vil: Auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet.» I mange tilfelle kan slike familieråd sees som spesielt nyttige for barn og unge med flerkulturell bakgrunn. Satsing på forebyggende tiltak i flerkulturelle familier vil derfor passe godt inn med regjeringens mål.
Det er også verd å merke seg at da barne- og familieministeren var stortingsrepresentant stilte hun gjentatte spørsmål om forebyggende arbeid innen helsesektoren. Det er derfor grunn til å tro at statsråden er godt kjent med nytten av forebyggende arbeid og at det reduserer de totale offentlige utgifter, samtidig som det gir bedre resultat for den enkelte innbygger som omfattes av tjenestene.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg vil først og fremst starte med å seie meg samd med spørsmålsstillar; det er eit mål at familieråd nyttast oftare, både som førebyggjande tiltak og som ledd i ei eventuell omsorgsovertaking. Familieråd kan nyttast i alle fasar av ei barnevernssak, som til dømes i undersøkingar, hjelpetiltak, ved flytting i fosterheim, akutte situasjonar og i ettervern. Som spørsmålsstiller påpeiker, har familieråd vist seg å vere eit godt tilbod, med mange positive resultat hos barna og familiane.
Eit viktig prinsipp er at alle barn og familiar som treng det skal få god og rett hjelp så tidleg som mogleg, og at hjelpa skal finnast nær barna og familiane. Det er nettopp dette barnevernsreforma skal støtte opp om, kor målet er at fleire barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, når dei treng ho, og at tenestetilbodet i større grad skal tilpassast lokale forhold. Familieråd er eit av fleire tiltak som kan støtte opp om dette prinsippet, og som er i tråd med regjeringa sin politikk på området. Eg vil òg nemne at fleire av tiltaka i tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering handlar om familieråd, til dømes å leggja til rette for auka bruk av familieråd tidleg i ein undersøkingsprosess og å rekruttere fleire familie- og nettverksheimar.
Bufdir og Bufetat satsar no på denne metoden, både når det gjeld utbreiing og utvikling til anna bruk, utover berre rekruttering av heimar. I alle Bufetat sine grunnopplæringar i familierådsmetoden, er bruk av familieråd i ein undersøkingsprosess, alltid eit tema. Bufetat jobbar systematisk for å halde oppe aktiviteten av familieråd for kommunar som allereie har stor aktivitet, og for å auke bruken for kommunar med liten aktivitet. Fleire kommunar og bydelar har valt å tilsetje eigne familierådskoordinatorar. Kommunane grunngir dette mellom anna med at det i større grad gir moglegheit for å nytte familieråd i andre delar av eit barnevernsforløp, og på andre områder innanfor oppvekstsektoren.
Bufdir erfarer at kommunar som nyttar seg av familieråd tidleg i saker får tilgang på viktig informasjon om kva ressursar som finnast rundt barnet. Potensielt kan dette føre til at ein oppdagar ressursar rundt familien som kan bidra med til dømes avlastingstiltak, eller andre former for hjelp som kan vere med på å førebyggje ei omsorgsovertaking. Å gjennomføre eit familieråd tidleg i ein saksprosess er òg nyttig dersom det seinare oppstår ein situasjon der barnet ikkje kan bu heime på kortare eller lengre sikt. Dersom barn og familiar allereie har erfaring med familieråd, kan eit familieråd som handlar om kvar eit barn kan bu, vere lettare å gjennomføre.
Når det gjeld kostnader, stemmer det som spørsmålsstillar seier, at eit familieråd i snitt kostar om lag 15 000 – 20 000 kroner å gjennomføre. Midlane går i hovudsak til å inngå oppdragsavtale med ein familierådskoordinator som Bufetat formidlar. I utgangspunktet dekkjer kommunane sjølv utgiftene til dette. I gitte situasjonar, når familieråd blir nytta som medverknadsmodell i samband med at barnet må flytte i institusjon eller fosterheim, kan utgiftene dekkjast av Bufetat. Opplæring i familieråd er gratis for kommunane, like eins metodestøtte og tilgang på materiell. Det er ingenting i vegen for at kommunar sjølv kan gjennomføre familieråd etter opplæring frå Bufetat, til dømes gjennom å tilsette eigne familierådskoordinatorar, som nemnt tidlegare.