Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:727 (2023-2024)
Innlevert: 15.12.2023
Sendt: 18.12.2023
Besvart: 21.12.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Vil det være aktuelt å stille krav til auka vindkraftproduksjon ved å etablere flere vindturbiner ved Hywind Tampen slik at egenproduksjon av kraft blir auka fra dagens kapasitet ved Hywind Tampen, og at uttak av kraft fra land då kan begrensas til kanskje å berre nyttas til balansekraft/reserveraft?

Begrunnelse

Olje- og gassindustrien i Norge har som mål å halvere sine klimautslepp innan 2030. Så skal dei halde fram med å redusere slik at dei er nær null i 2050. Eit ledd i å nå det målet er å forsyne Snorre A-plattforma i Tampen-området med landstraum. Snorre A-plattforma er allereie delvis elektrifisert med vindkraft frå Hywind Tampen, men ei vidare elektrifisering med kraft frå land vil kunne redusere direkte CO₂-utslepp ytterlegare. Snorre A kan då forsyne fleire installasjonar, som Snorre B, Gullfaks C og Visund med straum. Equinor har rekna ut at ein kan kutte utslepp på 600 000 tonn CO₂ i året ved full utnytting av kraft frå land-anlegget. Dei planlegg med eit effektuttak på 180 megawatt frå land.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Etter søknad frå rettshavarane godkjende Olje- og energidepartementet i 2020 endra planar for utbygging og drift av felta Snorre og Gullfaks. Endringa bestod av ei delvis omlegging av kraftforsyninga til felta gjennom utbygging av havvindparken Hywind Tampen. Hywind Tampen er verdas største flytande vindpark og den einaste vindparken i verda som forsyner olje- og gassinstallasjonar med straum. Vindparken starta full drift hausten 2023.
Det er rettshavarane som utviklar eit utbyggingsprosjekt fram til investeringsavgjerd. Deretter leverer dei ein utbyggingsplan til Olje- og energidepartementet for godkjenning.
Planlegging av utbyggingsprosjekt i petroleumsverksemda følgjer ein trinnvis prosess, basert på etablert praksis i industrien. Hensikta er å identifisera den beste utbyggingsløysinga og etablera eit godt avgjerdsgrunnlag for å ta ei eventuell investeringsavgjerd. Trinnvis prosjektutvikling inneber at det gjennom planleggingsfasen er fleire milepålar der rettshavarane vel dei beste tekniske og økonomiske løysingane og vedtek om prosjektet skal førast vidare eller stansast. Gjennom prosjektutviklingsprosessen modnar rettshavarane gradvis fram prosjektet og reduserer med det også uvisser.
Departementet har ikkje til handsaming prosjekt som inneber kraft frå land til dei plattforma representanten spør om. Samtidig er departementet kjent med at det går føra seg ulike utgreiingar i tidleg fase blant rettshavarane knytt til utsleppsreduserande tiltak; inklusive i Tampen-området.
Departementet ønskjer ikkje spekulera i kva krav og vilkår som kan vere aktuelle å stille etter petroleumsloven og/eller energilova/havenergilova dersom rettshavarane ynskjer å kopla felta Gullfaks og Snorre til kraftnettet på land.