Sveinung Rotevatn (V): Kva er grunnen til at regjeringa stadig omtalar pengar som allereie er vedteke løyva til Ukraina av Stortinget som "nye" pengar?
Begrunnelse
Gjennom Nansen-programmet har eit samla Storting slutta opp om ei føreseieleg støtte til Ukraina, både av sivil og militær art. Sjølv om rammene for programmet helst skulle vore endå høgare, er dette like fullt ei svært viktig støtte til Ukraina sin fridomskamp.
I ei pressemelding frå Utanriksdepartementet 13. desember er overskrifta "Noreg gir nye 3 milliardar kroner i sivil støtte til den ukrainske staten". Dette er vel og bra. Men så vidt underteikna kan forstå er desse 3 milliardane ein del av løyvinga på 7,448 milliardar kroner i sivil og humanitær støtte til Ukraina som Stortinget vedtok som del av 2024-budsjettet den 4. desember, og som følgjer opp avtalen om Nansen-programmet. Dersom dette stemmer, er spørsmålet kvifor regjeringa i sine meldingar til pressa omtalar løyvinga som "ny".