Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:754 (2023-2024)
Innlevert: 18.12.2023
Sendt: 19.12.2023
Besvart: 22.12.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan statsråden redegjøre for når de første utbetalingene fra kirkebevaringsprogrammet vil skje, og når rehabilitering av Johanneskirken i Bergen kan starte?

Begrunnelse

Sist uke besøkte jeg ærverdige Johanneskirken i Bergen. Det er en av mange kirker som trenger tilskudd gjennom det statlige kirkebevaringsprogrammet, og statsråden er sikkert kjent med at den er pakket inn i stillaser for å hindre at forbipasserende skal bli skadet av frostsprengt stein fra kirken. Kommunen har bevilget over 50 millioner til rehabiliteringen, men venter på bidrag fra kirkebevaringsprogrammet. Det finnes mange slike saker og jeg forstår at man begynner å bli veldig utålmodig.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg arbeider no med å ferdigstille ein strategi for bevaringsarbeidet for dei kulturhistorisk viktige kyrkjene, og få etablert eit sekretariat til å forvalte tilskotsordninga. Samla er vedlikehaldsetterslepet for desse kyrkjene stort, noko som tilseier at vi må gjere avvegningar og prioriteringar mellom kva kyrkjer som kan få eit statleg tilskot og når.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024 er det varsla ei løyving og framlegging av hovudtrekka i ei tilskotsordning for staten sitt bidrag til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Når vedtak om løyving og tilskotsregelverket er gjort, kan det gjevast tilsegn om tilskot. Eg viser til budsjettproposisjonen frå Barne- og familiedepartementet for 2024 med omtale av dette.
Representanten Hjemdal i grunngjevinga for spørsmålet viser til at kommunen ventar på bidrag frå kyrkjebevaringsprogrammet. Kyrkjerbevaringsprogrammet vil vere eit historisk løft for kyrkjebygga våre. Eg vil likevel understreke at det etter trussamfunnslova § 14 er kommunane som har det økonomiske ansvaret for kyrkjene. Dette ansvaret går langt tilbake i tid og har medverka til eit nært samarbeid mellom kommunen og kyrkja, noko som har vore viktig for det norske samfunnet.
Stortinget bestemte i 2020 at Opplysningsvesenets fond skulle delast mellom staten og Den norske kyrkja. Eit vilkår i denne delinga var at staten forplikta seg til å bidra til å sette i stand kulturhistorisk viktige kyrkjer med ein verdi tilsvarande den staten vart eigar av. Ein samla komité la til grunn at staten sitt bidrag ikkje skal avløyse kommunane sitt ansvar eller erstatta andre tiltak eller ordningar som finst på området.
Kommunane oppfyller ikkje ansvaret sitt om dei ikkje sikrar kyrkjene mot fare for omgjevnadane eller held bygget ved like. Sjølv om det no blir eit stort kyrkjebevaringsfond til bruk for å restaurere kyrkjebygg, er det ikkje staten sitt ansvar å bestemme når vedlikehald eller rehabilitering skal skje. Det er det kommunane i samarbeid med fellesråda som har ansvaret for.
For regjeringa er det også viktig at dei restaurerte kyrkjene blir brukte, ikkje berre restaurerte. Difor er pengar til drift av Den norske kyrkja og andre trussamfunn viktig, noko eg vil påpeike at FrP kuttar i sitt alternative budsjett fordi dei meiner at dette ikkje er ei offentleg oppgåve.