Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:785 (2023-2024)
Innlevert: 22.12.2023
Sendt: 22.12.2023
Besvart: 08.01.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis ser regjeringa for seg at Noreg kan støtta opp om Russlands skeive miljø og menneskerettsaktivistar og andre som arbeider med LHBT og menneskerettsspørsmål, etter at den såkalla "internasjonale LHBT-rørsla" er erklært ekstremistisk i Russland, med ei forventa strafferamme opp til 10 år?

Begrunnelse

Russisk høgsterett avgjorde torsdag 30. november at den internasjonale LHBT-rørsla skal erklærast som «ekstremistisk». Det betyr i praksis at ei tilknytning til LHBT-rørsla blir lagt til lista over kva som kan utløysa tiltale for ekstremisme i Russland. Med dette risikerer personar og organisasjonar som støttar skeive sine grunnleggande menneskerettar lange fengselsstraffer.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Regjeringa ser svært alvorleg på at russisk høgsterett har erklært den internasjonale LHBT+-rørsla som «ekstremistisk». Noreg har ved fleire høve fordømt russiske styresmakter for deira forfylging av LHBT+ og menneskerettsforvararar i etterkant av avgjerda 30. november.
Avgjerda frå russisk høgsterett føyer seg inn i eit dystert mønster. Skeive som over tid allereie har vore svært utsett, er no sett under eit endå sterkare press i Russland.
Lovforbodet frå 2013 mot såkalla homofil propaganda for utradisjonelle seksuelle relasjonar, andre tilstrammingar i lovverket den siste tida, og vedvarande mangel på vern overfor LHBT+, har i lang tid uroa norske myndigheiter.
Det er sterkt alarmerande at skeive no risikerer lange fengselsstraffer og at russiske styresmakter brukar regelverket om ekstremisme til å forfylgje LHBT+-aktivistar, opposisjonelle og andre.
Tiltak for å verne og tryggje LHBT+ og oppmoding om å oppheva diskriminerande regelverk var blant tilrådingane Noreg gav Russland under fjorårets høyring av landet i FNs menneskerettsråd.
Regjeringa vil halda fram med å ta opp situasjonen for skeive og den kraftig forverra situasjonen for menneskerettane i Russland i FN og andre internasjonale samanhengar.
Regjeringa vil òg fortsetja å støtte norske og internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar for å fremje menneskerettane i Russland, og som støttar opp om Russlands skeive miljø og menneskerettsforsvararar. Dette er i tråd med regjeringas nasjonale handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold og målsettingar for vårt internasjonale engasjement for skeives menneskerettar og likeverd.
Vår ambassade i Moskva og vårt generalkonsulat i St. Petersburg fylgjer også menneskerettsutvikla i Russland tett, inkludert situasjonen for LHBT+.