Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:791 (2023-2024) Innlevert: 22.12.2023 Sendt: 02.01.2024 Besvart: 08.01.2024 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth
Helge André Njåstad (FrP): Når konkluderer statsråden om vidare arbeid med å handtere kvikksølvet i og ved u-båten på Fedje?
I spørsmål Dokument nr. 15:2321 (2022-2023) svara daværande fiskeriminister at avklaring på u-båten ved Fedje kanskje kom i statsbudsjettet for 2024. Det skjedde ikkje.
Cecilie Myrseth: Eg viser til mitt svar til representant Njåstad på spørsmål nr. 104 til skriftleg svar, datert 19. oktober 2023. Her går det mellom anna fram at det vil bli lagt fram forslag til vidare handtering av ubåtvraket og kvikksølvforureininga for Stortinget så snart som mogeleg etter at regjeringa har treft si avgjerd, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Dette har ikkje endra seg, og vi tar framleis sikte på å legge fram regjeringa sitt forslag til vidare handtering av saka seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.