Alfred Jens Bjørlo (V): Vil helseministeren sørge for at pasientar med lipødem, som i all hovudsak er kvinner, får lik hjelp og refusjon av utgifter til nødvendig helseutstyr over heile landet, og er helseministeren samd i at forskingsinnsatsen knytt til lymfødem og andre kroniske sjukdommar som medfører mykje smerte og spesielt rammar kvinner må aukast monaleg i åra framover?
Begrunnelse
Lipødem er ein kronisk tilstand som i all hovudsak rammar kvinner, kjenneteikna av ujamn fettfordeling (vanlegvis sjukleg fettsamling i sete, lår og leggar), med tilhøyrande smerter. Årsaka er ukjend, men det er openbert ein arveleg tilstand.
Fleire stader i landet, til dømes i Midt-Noreg, Nord-Noreg og på Sørlandet, får folk med lipødem dekt helseutstyr som kompresjonstøy og pulsator for heimebruk. I følgje Sørlandet sjukehus tilseier no internasjonal konsensus at kompresjonsplagg har ein smertestillande effekt som gjer det lettare for pasientar å auke det fysiske aktivitetsnivået, noko som er avgjerande for betring i tilstanden.
Andre stader i landet får pasientane ikkje dekt denne type utstyr. Kunnskapen om tilstanden er generelt låg, slik tilfellet ofte er med kroniske sjukdommar som spesielt rammar kvinner. Det finst ingen diagnosekode for lipødem i det norske helsevesenet, og det finst ikkje nasjonale kunnskapsbaserte retningslinjer for behandling av lipødem.