Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:815 (2023-2024)
Innlevert: 03.01.2024
Sendt: 04.01.2024
Besvart: 10.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren vurdere å forby piggdekkavgift i Norge og i Oslo, med bakgrunn i at piggdekk hindrer ulykker og er betydelig sikrare på såpeglatt isføre med heile fire billengder kortare bremselengde?

Begrunnelse

Glatte vegar har vore og er eit svært stort problem mange stader i landet.
I Oslo har det vore store utfordringer med glatte vegar, og glatte vegar oppstår også fordi vegbanen blir polert av piggfrie dekk.
Mange har vore ute og advart om den lave piggdekkandelen, og det er liten tvil om at piggdekk på isføre har stor betydning. Nokon forsøker seg med at piggdekk ikkje er like gode som piggfrie dekk på ulike fører, men dei fører som medfører store problemer for bilistane er det udiskuterbart ein stor fordel med piggdekk.
Bremselengde på is har piggfrie dekk neste fire billengder kortare bremselengde eller piggfrie dekk, dette er ein betydeleg forskjell.
For ganske nøyaktig eit år sidan hadde brøytesjefen i Bærum kommune eit oppslag i NRK, der han uttalte:

"Den store mengden med snø har gitt trafikale utfordringar. Brøytesjef i Bærum kommune meiner fleire bør velje vinterdekk med piggar.
Kan gjere glatt føre glattare
– Når folk bremsar framfor til dømes ein fartshump eller ei rundkøyring med piggfrie dekk kan vegen bli glattare, fortel brøytesjef i Bærum kommune til NRK."

I Oslo er det innført piggdekkgebyr om vinteren. Denne byen "bøtelegger" dei bilistane som køyrer på trygge og sikre piggdekk, medan andre med piggfrie dekk slepp dette gebyret.
Eg køyrer sjølv med piggdekk, og skal ALDRI ha noko anna på mine biler då alt anna enn gode piggdekk er uholdbart på skiftande vinterføre, og eg køyrer "litt bil" med ca. 50 000 km pr år.
Eg betalar "piggdekkavgift" på trur eg ca. 1 400 kr pr sesong, noko som eg betalar med ein betydeleg bismak, når eg opplever å må køyre forbi bilar her i Oslo sentrum som står dønn fast og spinner med sine håplause piggfrie dekk.
Eg må altså betale for å køyre sikkert med mine nye gode piggdekk.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ein kommune kan i dag søkje Vegdirektoratet eller Samferdselsdepartementet om å innføre gebyr for bruk av piggdekk, dersom omfang og utbreiing av miljøproblem knytte til piggdekkbruk krev det. Bruk av piggdekk er hovudårsaka til produksjon av helseskadeleg svevestøv, og å redusere piggdekkbruken er eit viktig tiltak for å betre luftkvaliteten i byar og tettstader.
I spørsmålet til stortingsrepresentant Sve er omsynet til trafikktryggleik nemnt som eit argument for å fjerne moglegheita til å innføre piggdekkgebyr. Piggdekk og piggfrie dekk har ulike eigenskapar, der piggdekk har hatt ein effekt på trafikktryggleik på vegar som er isdekte. I seinare tid har likevel ein stadig aukande del av køyretøyflåten blitt utstyrt med førarstøttesystem og kvaliteten på piggfrie vinterdekk har blitt betre, noko som har bidrege til ein reduksjon av piggane sin effekt for trafikktryggleiken. Ifølgje Trafikktryggleikhandboka, som seinast blei revidert i 2020, heiter det at piggdekk har ein liten effekt på reduksjon av risiko for trafikkulykker samanlikna med piggfrie vinterdekk.
Fjerning av piggdekkavgift vil dermed medføre ei liten reduksjon av risikoen for ulykker. Ettersom piggdekkgebyr påverkar piggdekkdelen i stor grad, vil fjerning av kommunane sin moglegheit for å bruke piggdekkgebyr vere uheldig med tanke på moglegheita for å sikre god luftkvalitet for befolkninga, og etterleving av forureiningsforskrifta sine grenseverdiar for svevestøv. For regjeringa er det viktig at kommunane, som forureiningsstyresmakt for lokal luftforureining, har eit god verktøykasse for å kunne sikre rein luft til befolkninga. Tiltak som reduserer piggdekkbruk er særleg kostnadseffektive tiltak, og det er ikkje aktuelt for meg å fjerne kommunane sin moglegheit til å søkje om å innføre ei piggdekkgebyrordning.