Alfred Jens Bjørlo (V): Vil statsråden ta initiativ til å modernisere og forenkle regelverket for å ferde ut HMS-kort på bygge- og anleggsplassar i tråd med den teknologiske utviklinga, slik at bedrifter ikkje må bestille nye fysiske kort kvart andre år, men heller kan søke om godkjenning og få oppdatert elektronisk godkjenning for same tidsrom utan å måtte bestille nye fysiske HMS-kort?
Begrunnelse
For å ta i vare tryggleik, helse og arbeidsmiljø på byggje- og anleggsplassar blir det skrive ut HMS kort. Gyldigheitsperioden på korta er to år. Tidlegare stod gyldigheitsperioden berre på dei fysiske korta, men no har fleire leverandørar ein QR kode som kan scannast, slik at informasjonen på kortet kan verifiserast elektronisk. Det er eit meir sikkert system, og gjer det vanskelegare å plagiere HMS-kort.
Sjølv om kort med elektronisk kode på alle måtar er eit betre og meir påliteleg system enn dei gammaldagse fysiske korta, er bedriftene etter det eg er kjend med framleis pålagt å bestille nye fysiske kort kvart andre år. Å kutte kravet om fornying av fysiske kort når godkjenninga uansett finst elektronisk, vil kutte byråkrati, kostnader og miljøulemper knytt til produksjon og bestilling av nye kort.