Ingrid Fiskaa (SV): I kva grad har Noreg forplikta seg gjennom samarbeidet European Sky Shield Initiative, og er Noreg involvert i kjøp av Arrow 3 frå Israel?
Begrunnelse
17 NATO-land, mellom dei Noreg, har inngått forpliktande samarbeid om å kjøpa luftvernsystem, det såkalla European Sky Shield Initiative. Tyskland er leiar for arbeidet.
Nå er det klart at Tyskland går for å kjøpa israelske Arrow 3, produsert av Israel Aerospace Industries (IAI) i samarbeid med Boeing.
Dette er den største eksportavtalen som eit israelsk firma har inngått nokon gong. Tyskland har inngått avtalen og vedtatt førehandsfinansiering. Totalt er avtalen på nær 4 milliardar euro, og førehandsbetalinga er på 560 millionar euro.
IAI – Israel Aerospace Industries – er ein heleigd, statleg våpenprodusent og er Israels største produsent av militærfly, droner, missil med meir. Dei produserer mellom anna dronene som nå blir brukt til å bomba sivile i Gaza.