Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa sjå på alternativ til at frikortperioden følgjer kalenderår, eller ei anna ordning for dei med dårleg økonomi som når eigendelstaket på 3 165 kroner allereie tidleg på året?
Begrunnelse
Januar er for mange ein krevjande økonomisk månad. Kulda pressar straumkostnadene opp. Bankane trekkjer dei årlege gebyra sine. På starten av eit nytt kalenderår er det mange ordningar og system som blir nullstilte, ofte med ei rekning som skal betalast.
For uføre som allereie har ein pressa økonomi slår dette ekstra hardt ut. For uføre er det over fem veker mellom trygdeutbetalingar mot det normale fire veker, fordi desemberutbetalinga kjem tidlegare for å gi rom for juleførebuingar. For dei mange som har høge helsekostnader og utløyser frikort så tidleg som i februar, kjem då i praksis heile helsekostnaden i januar.
Til saman gjer dette at januar er rigga for å vera ein økonomisk tyngjande månad, som rammar ekstra hardt for dei med pressa økonomi frå før.
At frikortperioden følgjer kalenderåret er kanskje praktisk for det offentlege, men det kan vanskeleg vere ei nødvendigheit, og ein skulle tru det var mogleg å til dømes ha ein periode som går frå juli-juni, heller enn januar-desember.