Birgit Oline Kjerstad (SV): Det er no fysisk umogleg for personar som har fått godkjent studier eller forskerarbeid i Norge å søkje visum frå Gaza, fordi krigen har ført til at visumkontoret på Gaza ikkje er operativt.
Kva kan og kva vil regjeringa gjere for å få på plass kriseløysingar som gjere det mogleg for persona i Gaza å få visum for å gjennomføre planlagt og godkjent forskerarbeid i Norge?
Begrunnelse
Norske universitet har pågåande forskningsprosjekt og samarbeid med Palestinske forskarar som mellom anna har fått godkjent doktorgradsarbeid i Norge. Dei pågåande krigshandlingane i Gaza har no ført til at visumkontoret der ikkje er operativt. Fysisk oppmøte slik det blir kravd ved ambassaden i Cairo og Amman for å søkje visum, er for tida umogleg på grunn av stengde grenser og øydelagd infrastruktur. Dette gjer det umogleg å oppfylle gjeldande krav som Norske myndigheiter stiller som føresetnad for å søkje visum. Sist veke vart ein forskar og ein av Universitet i Oslo sine samarbeidspartnarar drept saman med sin familie i Gaza. No fryktar ein at fleire forskarar skal lide same skjebne dersom ikkje norske styremakter gjer endringar i reglane for å søkje visum. I fleire land er det innført digitale løysingar for å søkje og handsame visumsøknader.